Hopp til innhald

Fagstoff

Modernismen – ein reaksjon på modernitet

Vi skulle kanskje tru modernistiske forfattarar og kunstnarar var tilhengjarar av modernitet? At dei var moderne? Her skal vi avklare omgrep som "modernisme", "modernitet" og "moderne". I tillegg skal vi sjå på korleis den moderne samfunnsutviklinga blir skildra i modernistisk kunst og litteratur.

Sjå videoen om modernitet over. Prøv å forklare omgrepa:

  • modernitet

  • det moderne

  • moderniseringsprosess

  • menneskesentrert verdssyn

  • det moderne prosjektet

Samanfatt:

  • Kva er modernitet?

Det moderne og modernitet

Det moderne er eit vagt omgrep. Ordet moderne betyr "nyare". Det motsette av moderne er "tradisjonell" eller "gammaldags". Når vi bruker desse orda om samfunnet, må vi sjå på dei som stadium i historia.

Den industrielle revolusjonen og opplysingstida

Eit lokomotiv i USA i 1929. Folk sit på hustaka og ser på og ropar til lokomotivet som går på ein skinnegang. Ein mann viftar med eit stort, amerikansk flagg. Biletet har eit nasjonalromantisk preg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi bruker gjerne omgrepet det moderne om Vesten etter den industrielle revolusjonen og opplysingstida. Årsaka er at desse to hendingane/periodane hadde stor innverknad på både samfunnsstrukturen og individet. Særleg er det overgangen frå eit jordbrukssamfunn til industrisamfunnet og den svekte stillinga til religionen, som kjenneteiknar det moderne.

Det tradisjonelle

Kjenneteikn ved det tradisjonelle samfunnet:

  • Bondesamfunnet er noko av det som kjenneteiknar denne tidsperioden. Mennesket er i hovudsak engasjert i jordbruket, og ikkje minst blir dette drive med menneskekraft.

  • Religionen gjennomsyrar heile samfunnet. Makthavarane legitimerte gjerne makta si ved å seie at dei var innsette av Gud. I tillegg påverka religionen enkeltindividet i kvardagen ved at normer og reglar var baserte på Bibelen.

Byen Lyon om natta. Elv med bru over, bygningar, tre, gater og lysstolpar som lyser i mørket. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjenneteikn ved det moderne:

  • Industrisamfunnet pregar tida. Den industrielle revolusjonen samanfell i stor grad med opplysingstida. Ei følgje av industrialiseringa er urbanisering. Det vil seie at mange flytta frå bygda og bondegarden til byane for å finne jobb. Dermed blei den tradisjonelle familiestrukturen, der storfamilien var kjernen, broten opp.

  • Sekularisering er eit omgrep som blir brukt om ei utvikling der betydninga til religionen blir mindre i eit samfunn. I den vestlege verda (Europa og Nord-Amerika) har det sett ut som sekularisering har gått hand i hand med moderniseringa på 1800- og 1900-talet. Vitskapen erstattar religionen som forklaring på korleis verda er bygd opp.

Det moderne prosjektet

Sosiologen Thomas Hylland Eriksen skriv dette om modernitet og framstegstru:

Moderniteten og dens fremskrittstro råder grunnen nesten alene i dagens verden. Det faktum at nesten alle verdens nasjonalstater går inn for planlagt, menneskelig kontrollert utvikling langs noenlunde de samme linjer, er et tegn på at moderniteten har seiret som ideologi. Altså som bærer av håp og drømmer. (Hylland Eriksen, 1991 , s.70)

Det moderne prosjektet kan seiast å vere denne trua på moderniteten som Hylland Eriksen meiner har sigra i Vesten i dag. På 1800-talet breidde det seg ei oppfatning om at samfunnet gjekk framover, i positiv forstand. Det var ei tru på at framsteget, fornufta og fridommen til individet førte samfunnet i rett retning og skulle gjere liva våre betre.

Legofabrikk: Ei kvinne plasserer fleire esker med lego som ligg på eit løftesystem. Det er fleire arbeidarar og stablar med legoesker i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Haldninga modernismen hadde til det moderne

Modernismen er namnet på ei stilretning. Det betyr at vi seier at visse forfattarar skriv modernistisk, nokre målarar målar modernistisk, og at du kan lytte til modernistisk musikk.

Sidan stilretninga heiter modernismen, er det vel mest logisk å tenkje seg at modernistane elska det moderne og omfamna det moderne prosjektet? Men det stemmer ikkje.

Modernismen om byen

Mange neonlys i by med skyskraparar og andre høge bygg som står tett inntil kvarandre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Veldig mykje modernistisk litteratur er nemleg pessimistisk. Han skildrar til dømes korleis individet kjenner seg einsamt og framandt i byen. Sjå til dømes korleis Rolf Jacobsen, ein av Noregs mest kjende lyrikarar, skildrar bylivet i dette utdraget frå diktet "Signaler":

Byens signaler,
byens jagende pulsslag
vil du fornemme en natt: -
den natt
du første gang
går ensom og uten håp

(Jacobsen, 1933)

Modernismen og framandkjensla

Ei rekkje menneske som er kvite i ansiktet, har store auge og liknar spøkjelse, ser mot deg. Dei går på Karl Johans gate. I bakgrunnen er ein einsleg mann som går bort og Stortinget. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein annan modernistisk lyrikar, Sigbjørn Obstfelder, skildra byen og framandkjensla allereie på 1890-talet. I diktet "Byen" lever eg-et aleine i fjellet. Plutseleg kjenner det ein lengsel mot menneska og iler til byen:

[...]Neste aften står jeg på den stenlagte gate. Der er ingen skog lenger, men hus og hus og vinduer, ingen sus gjennom blader, men surren av vogner, larm av utallige føtter [...] Og omsider går det opp for meg, omsider ser jeg det: De er vanvittige, de piskes av sin egen skygge. Og jeg ser meg om, jeg ser på deres øyne, deres miner, deres ilen og løpen:

Ja, de er vanvittige, de er vanvittige.
(Obstfelder, 1893)

Eg-et sitt håp om å kjenne fellesskap med andre menneske i byen blir altså knust. I staden blir det ein einsam observatør som fastslår at menneska er "vanvitige". Både dette diktet og Rolf Jacobsens "Signaler" handlar om korleis individet kjenner seg framandt i den store, stressande byen. I staden for å vere menneska sin heim blir byen ein stad for mennesket å kjenne seg framand i.

Kvifor var modernistane pessimistiske til det moderne?

Mykje modernistisk kunst tviler altså på at det moderne samfunnet fører til eit lykkeleg liv. I staden skriv blir det skrive tekstar og måla bilete som stiller spørsmål som:

  • Kva skjer med individet i jaget i byen etter effektivitet?

  • Kva skjer med mennesket når alle gamle strukturar blir brotne opp?

  • Kva er meininga med livet når religionen ikkje lenger kan gi oss svar på denne gåta?

  • Er det ikkje farleg at vi fjernar oss frå alt som er naturleg og opphavleg?

Mange modernistar framstilte altså det moderne samfunnet som fjernt frå det naturlege. I den moderne byen med fabrikkar og blokker forsvinn mennesket. Og i den moderne verda med trua på vitskapen og fornufta forsvinn kjenslene, fantasien og nærleiken til naturen.

Soldatar står på slagmarka i bomberegn med piggtrådstolpar rundt seg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Filosofisk og historisk bakgrunn

Eit bakteppe for desse modernistiske bekymringane kan vi finne i både filosofien og historia. Filosofen Friedrich Nietzsche sa "Gud er død". Spørsmålet blir då: Om Gud er død, kva er då det faste haldepunktet og endestasjonen i livet? Kvifor er vi her på kloden i det heile?

Og om vi går til historia, så får framstegstrua seg ein knekk under første verdskrigen. For denne krigen, som slakta unge soldatar i hopetal, hadde jo brukt nettopp framstega til det moderne samfunnet som middel: tanksen, flyet og bombene.

Når den moderne verda var så forferdeleg, korleis kunne då modernistane hylle og skjønmåle ho?

Kva haldning har du til "det moderne"?

Les sitatet til Thomas Hylland Eriksen (under). Diskuter deretter om de er einige med han, eller om de har trua på det moderne prosjektet og den moderne samfunnsutviklinga.

Omtrent slik moderne astrofysikk kan fortelle oss at universet ikke er grenseløst, slik kan både vitenskapen og det sunne bondevett forklare oss hvorfor vekstspiralene vår sivilisasjon hviler på, som medfører økt utnyttelse av naturen, økt energiforbruk og økt vareforbruk, sannsynligvis ikke kan fortsette på ubestemt tid. (Hylland Eriksen, 1991, s. 75).

Kjelder

Guneriussen, W. (1999). Å forstå det moderne. Oslo: Aschehoug. Henta frå https://www.nb.no/items/84b048655b9c5b6aeb324490f90cf38c?page=0&searchText=Modernisme

Hylland Eriksen, T. (1991). "Den paradoksale fremskrittstroen". K. Clemet & M. Eide mfl. (Red). Tror vi fortsatt på fremskrittet? En antologi. Oslo: Aschehoug. Henta frå https://www.nb.no/items/f833aad6a88db772cf8ab2017c038360?page=71&searchText=%22det%20moderne%20prosjekt%22

Jacobsen, R. (1933). "Signaler" i Jord og jern. Oslo: Gyldendal. Henta frå https://www.nb.no/items/6716907b4d3ba91974f43a923fb92141?page=51&searchText=Signaler

Obstfelder, S. (1903). "Byen" i Efterladte arbeid, København: Gyldendalske.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland, Jorunn Øveland Nyhus, Heidi Mobekk Solbakken og Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 05.11.2021

Læringsressursar

Naturen og mennesket