Hopp til innhald

Fagstoff

Kva kjenneteiknar kommunikasjonen i digitale medium?

Mykje av kommunikasjonen i kvardagen går no føre seg via digitale og nettbaserte kanalar. Korleis påverkar desse kanalane kommunikasjonen?
Kvinne med laptop omgitt av identiske robotar med kvar sin laptop. Nokre av robotane ser på ho. lllustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Korleis påverkar det kommunikasjonen at vi ikkje veit kven som ser det vi legg ut på nett, og at det vi legg ut av tekst og bilete på digitale medium, blir søkbart når nokon googlar deg, og kan komme på avvegar?

For å kunne svare på desse spørsmåla må vi forstå korleis dei ulike digitale kanalane er med på å forme kommunikasjonen.

Tenk over / diskuter

Ungdom seier at dei føretrekker å diskutere politiske spørsmål ansikt til ansikt framfor i sosiale medium (Aagre & Dizdarrevic, 2020). Kvifor er det slik, trur du?

Jente med rosa kjole og hjarte som fedd ned over ho. Ho held ei stor raud snakkeboble med eit hjerte. Foto.

Uklar situasjonskontekst

Vi tolkar ofte meldingar ut frå kva situasjon dei oppstår i, men denne situasjonskonteksten kan vere meir uklar når vi kommuniserer digitalt enn når vi er fysisk til stades i ein situasjon. Forståinga di av situasjonen er ein viktig del av situasjonskonteksten for kommunikasjon. Det går heile tida føre seg ei forhandling om meining for å forstå og definere dei nye kommunikasjonssituasjonane i digitale kanalar.

Korleis forstår du situasjonen?

Forstår du til dømes ei Teams-melding frå læraren om at fråværsgrensa er nådd, som like forpliktande som eit brev i postkassa, eller kan du ignorere ho? Kva for nokre ulike forståingar av kommunikasjonssituasjonen gjer at mange elevar og studentar ikkje har på kameraet ved digital undervisning, mens dei fleste vaksne let kameraet vere på i videomøte? Det er mange faktorar som bidreg til å skape situasjonskonteksten: roller og relasjonar mellom deltakarane og sosiale faktorar som alder, kjønn og status.

Hemnporno eller digitale seksuelle overgrep?

Eit anna døme på at det skjer ei forhandling om korleis vi skal forstå kommunikasjon på digitale plattformer, er at det å dele nakenbilete av tidlegare partnarar utan samtykke frå dei, lenge vart kalla "hemnporno". Denne skildringa stemmer dårleg, og ei omdefinering kan rette søkelys på kva praksisen eigentleg handlar om (Lindberg, 2018). Kripos kallar no nakenbilete som blir delte ufrivillig, "digitale seksuelle krenkingar". Les meir om dette i NRK-artikkelen om kvifor Kripos ønsker slutt på bruken av omgrepet "hemnporno".

Tenk over / diskuter

Kva konvensjonar for kommunikasjon gjeld når du kommenterer innlegga til andre på Instagram?

Korleis forstår du praksisen med å sende "dick-pics"? Er det eit overgrep, ein grei måte å sjekke på eller bør ein forståast det som humor?

Eit auge i mange skjermar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Særtrekk ved kommunikasjonen på nett

For å forstå kva som skil kommunikasjon på nettet frå andre typar kommunikasjon, kan det vere nyttig å sjå på kva som er spesielle eigenskapar ved digitale, nettbaserte kanalar. Slike eigenskapar som skaper avgrensingar og moglegheiter for kommunikasjon, kan vi òg kalle teknologiske affordansar.

Medieforskar Dana Boyd peikar på desse affordansane for å forklare kva som særpregar kommunikasjonen online: at innhald på nett er søkbart, at det ikkje lett forsvinn, at andre kan kopiere og ta kontrollen over innhaldet, og at innhaldet har potensial for å nå enormt mange mottakarar (2011).

Desse eigenskapane ved kanalane gjer noko med kommunikasjonssituasjonen i digitale medium:

  • Det første er at vi har eit usynleg publikum, noko som gjer kommunikasjon vanskeleg. Vanlegvis er vi vane med å tilpasse det vi seier, til den vi snakkar til, og kva dei kan forstå, og til konteksten og dei rammene han set for kva som er sosialt akseptabelt. Vi må derfor lage oss innbilte mottakarar for å vurdere om det vi legg ut, er relevant, passande eller interessant (Boyd, 2011).

  • Det at publikum er usynleg, fører til ein kollaps av kontekst. Vi veit ikkje kven vi snakkar til, og vi må rekne med at ein bodskap kan nå venner, foreldre, lærarar og framtidige arbeidsgivarar og dermed vil bli tolka i veldig mange ulike kontekstar.

  • Den siste dynamikken ved kommunikasjon på nett er at skiljet mellom det private og offentlege blir utydeleg (Boyd, 2011). Ein bodskap som er meint å vere privat, kan fort blir offentleg, og omvendt.

Tenk over / diskuter

Korleis kan du avgrense kommunikasjonen på nett til å vere privat?

Korleis tilpassar du kommunikasjonen din på opne og lukka profilar på sosiale medium?

Kjelder

Boyd, D. (2011). Social network sites as networked publics: Affordances, dynamics and implications. I Z. Papacharissi (Red.), A Networked Self: Identity, Community, and Culture on Social Network Sites (s. 39–58). Routledge.

Lindberg, M. H. (2018). Hevnporno som et kjønnsbasert fenomen – og hvordan begrepet hevnporno brukes i norsk presse i perioden 2013–2017. [Masteroppgave]. Universitetet i Oslo. https://www.duo.uio.no/handle/10852/67264

Aagre, A. & Dizdarevic, N. (2020). Hvorfor er norsk ungdom tause om politikk på sosiale medier? Forskersonen. https://forskersonen.no/barn-og-ungdom-kronikk-meninger/hvorfor-er-norsk-ungdom-tause-om-politikk-pa-sosiale-medier/1736489

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 14.06.2022

Læringsressursar

Kommunikasjon, kultur og teknologi