Hopp til innhald

Spelefilm

Jane Eyre

2011-versjonen av Jane Eyre er både mystisk og til tider grøssaraktig. Men han viser framleis det klassiske kjærleiksdramaet om jenta som blir guvernante hos Mr. Rochester på eigedomen hans, Thornfield Hall, ein eigedom som husar ein mørk løyndom.

Om filmen

Livet til Jane Eyre går frå vondt til verre etter at ho i ung alder mistar begge foreldra sine. Ei viljesterk, modig og frilynt jente passar nemleg svært dårleg i møte med fjerne slektningar, og ho blir fort plassert på ein streng og valdeleg kostskule for jenter.

Mot alle odds blir ho sterkare av motgangen. Ho får etter kvart jobb som guvernante hos Mr. Rochester, ein tilsynelatande kald og mørk mann. Det tek ikkje lang tid før ho tinar hjartet hans, og kjenslene deira blir etter kvart gjensidige.

Det utviklar seg eit kjærleiksforhold mellom jenta som aldri har blitt elska og mannen som har gløymt korleis ein elskar. Men lykka blir dessverre kortvarig. Bak dei tjukke veggane i Thornfield Hall husar Mr. Rochester ein mørk løyndom som potensielt kan øydeleggje forholdet deira.

Talrike adaptasjonar


Charlotte Brontë sin roman om oppveksten og vaksenlivet til den unge heltinna har blitt festa til lerretet eit tjuetals gonger tidlegare.

Det som skil Cary Fukunaga sin 2011-versjon frå både boka og dei andre filmane, er at handlinga ikkje er kronologisk, men startar midt i historia sitt «point of no return». Deretter vekslar filmen mellom notid og tilbakeblikk, noko som kan verke forfriskande for både nye og gamle lesarar og sjåarar.

Sjølv om historia blei skriven i 1847, er ho framleis svært aktuell, ikkje minst i eit likestillings- og klasseperspektiv. Jane Eyre viser oss mellom anna korleis sjølvrespekt trumfar både pengar, kjærleik og fordommar.

CC BY-SASkrive av Mairi Macdonald. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 08.04.2021

Læringsressursar

Filmatiserte bøker