Hopp til innhald

Spelefilm

Alle utlendinger har lukka gardiner

Eit ungdomsdrama om å vere ung og forelska, og om å vekse opp i ein fargerik drabantby i Oslo aust.


Om filmen

Vi følgjer 15 år gamle Mariana, kalla Marey, som bur i ei leilegheit på Romsås med den etnisk norske mora si, den chilenske faren sin og veslebroren sin.

Storebroren Hector er i militæret og skaper splid i familien når han kjem heim og fortel at han skal bli stasjonert i Afghanistan. For faren, som flykta frå krig, verkar det uforståeleg at nokon vil delta i krig frivillig.

Filmen følgjer Marey gjennom store og små hendingar som kan vere vanskelege for ein tenåring – alt frå forelskinga i den tyrkiske tiandeklassingen Ali2 til krangling i klasserommet.

Frå bok til film

Alle utlendingar har lukka gardiner skildrar godt korleis det er å vere ungdom i ein fargerik drabantby i Noreg i dag.

Filmen er basert på romanen ved same namn, utgitt i 2015. Forfattar Maria Navarro Skaranger, som var berre 20 år då ho skreiv boka, vekte stor oppsikt med boka, som blei skriven på såkalla “kebabnorsk”.

Romanen blei nominert til Tarjei Vesaas' debutantpris.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ida Marie Stokkelien. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 30.06.2020

Læringsressursar

Filmatiserte bøker