Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Jobb med filmen I de beste hjem

Filmen I de beste hjem handlar om skriving og om relasjonen mellom ein lærar og ein elev på ein fransk skole. Sjå filmen og jobb med oppgåver om karakteranalyse og skriveprosessen. Du skal òg prøve deg på nokre kreative skriveoppgåver inspirerte av filmen.

Filmen I de beste hjem

Filmen handlar om 16 år gamle Claude som imponerer læraren med tekstane han skriv. Gjennom ein serie skriveoppgåver kjem Claude med stadig fleire detaljar om livet til vennen Rapha.

Sjå filmen før du byrjar å jobbe med oppgåvene. Han varer i 1 time og 45 minutt..

1. Karakteren Claude

Skriv ein analyse av karakteren Claude. Karakteranalysen skal innehalde beskrivingar av

  • ytre og indre karaktertrekk

  • motivasjonane du meiner ligg bak handlingane til Claude

  • korleis han utviklar seg utover i handlinga

  • kva du trur vil skje med Claude vidare i livet

Vis til konkrete døme frå filmen for å støtte opp om analysane dine.

2. Scenebeskrivingar

Skriv ein kort tekst der du beskriv kvar av desse to scenane frå filmen.

Få med heilskapen og viktige detaljar om omgivnadene og atmosfæren i tillegg slik at lesaren får ei kjensle av å vere til stades i det du beskriv.

3. Kreative skriveoppgåver

  1. Skriv ei novelle med same tematikk og karakterdynamikk som i filmen. La deg inspirere av relasjonen mellom Germain og Claude.

  2. Desse tre oppgåvene er inspirerte av skriveoppgåvene som Germain gir elevane sine i filmen. Vel ei av dei.

    1. Skriv ein stil med denne tittelen: "48 timar i livet til ein 16-åring".

    2. Skriv ein kreativ tekst på inntil éi A4-side der du bruker følgande adjektiv: begeistra, annleis, vanleg, bra, konsentrert, liten, fantastisk.

    3. Skriv eit portrett av den beste vennen din.

4. Til refleksjon

Skriv ein reflekterande tekst der du analyserer di eiga tilnærming til skriving. Refleksjonen skal ta utgangspunkt i skriveoppgåvene du jobba med over.

Refleksjonen bør innehalde

  • nokre tankar rundt kva oppgåver du likte å jobbe med, og kva oppgåver du eventuelt ikkje likte like godt

  • ei beskriving av kva utfordringar du møtte undervegs

  • refleksjon over om du ville ha gjort noko annleis dersom du skulle ha jobba med oppgåvene på nytt

CC BY-SASkrive av Anne Cathrine Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 22.02.2024

Læringsressursar

Filmatiserte bøker