Hopp til innhald

Spelefilm

The Dressmaker

Kate Winslet speler hovudrolla som Myrtle Dunnage i filmen The Dressmaker frå 2015. Manus og regi er ved den australske filmskaparen Jocelyn Moorhouse. Filmen er basert på Rosalie Hams roman med same tittel.

Om filmen

Myrtle Dunnage er ein talentfull motedesignar. Etter mange år borte vender ho no tilbake til heimstaden Dungatar for å ta seg av den gamle og sjuke mor si, Molly. Dungatar er ein lite og støvete tettstad på landsbygda i Australia.

Då Myrtle var 10 år, fekk ho skulda for at ein gut i klassen hennar døydde. Som straff for dette blei ho send til ein internatskule i Melbourne. Ho rømde etter kvart frå internatskulen og drog til London, Milano og vidare til Paris.

Dette er første gongen ho reiser tilbake til Dungatar etter denne hendinga. No håpar ho at Molly kan hjelpe henne å hugse kva som skjedde på skulen den dagen Evan døydde.

Forbanning og hemn

Det er lite som har forandra seg i Dungatar sidan Myrtle var barn. Bøllene frå barndommen er framleis like bøllete, og Myrtle er overtydd om at det kviler ei forbanning over henne.

Etter heimkomsten byrjar Myrtle å nøste opp i kva som eigentleg hende då Even Pettymann døydde. Ho byrjar òg å planleggje korleis ho skal hemne seg på alle dei som oppførte seg dårleg mot henne då ho var liten.

Med seg i kofferten har Myrtle både symaskin og eksklusive kjolestoff.

Komedie og tragedie

Sjangermessig balanserer The Dressmaker mellom både komikk og tragedie. I starten av filmen er scenene meir komiske, mens alvoret og tragedien får større plass i forteljinga etter kvart som handlinga går føre seg.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 04.04.2022

Læringsressursar

Filmatiserte bøker