Hopp til innhald

Kortfilm

Proletar

Proletar er ein norsk kortfilm om arbeidarar, fellesskap og kampen mot makta.

Om filmen

Gruvearbeidar Johannes har jobba doble skift dei siste månadene. Når han ser på vaktlista at han er den einaste som må jobbe dobbelt atter ein gong, vil han ta det opp med direktøren.

Direktøren bryr seg berre om det nye persiske teppet sitt, og Johannes får ingen svar eller hjelp.

Nede i gruva ulmar det rykte blant arbeidarane. Desse rykta skal få mykje å seie for både Johannes og heile gruvedrifta.

Bikubesong

Proletar er basert på Frode Grytten si novelle Sean Penn Blues frå samlinga Bikubesong.

Kortfilmen fekk heiderleg omtale under kortfilmfestivalen i Grimstad 2015.

CC BY-SASkrive av Ida Marie Stokkelien og Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 09.02.2021

Læringsressursar

Filmatiserte bøker