Hopp til innhald

Spelefilm

Misery Harbour

Misery Harbour er ein dansk-norsk spelefilm om den danske forfattaren Espen Arnakke frå Jante i Danmark. I Jante er det viktig å vere som alle andre, og dei som stikk hovudet fram, blir møtte med forakt. Misery Harbour er ei filmatisering av Aksel Sandemoses roman En sjømann går i land.

Om filmen

Handlinga startar i Oslo i 1932. Dansken Espen Arnakke skriv på utkastet til den første romanen sin. Venninna Jenny får lese etter kvart som han skriv.

Espen hevdar at han ikkje kan skrive fiksjon, og romanen vil derfor ta utgangspunkt i hans eige liv. Handlinga vekslar mellom scener i notid, der Jenny les og gir tilbakemeldingar på Espen sin kommande roman, og tilbakeblikk til hendingar i Espen sitt liv, som også er handlinga i boka.

Tilbakeblikk

Historia han skriv på, startar i den danske småbyen Jante, der Espen voks opp. Det var forventa at han, som alle andre, skulle byrje å arbeide på fabrikken i Jante. Espen kjenner seg ikkje "som alle andre" og vel derfor å rømme frå heimstaden. Han snik seg ut av huset til foreldra og mønstrar på ein skonnert som er på veg mot Newfoundland.

Livet om bord er hardt. Kapteinen er både temperamentsfull og valdeleg, og når skuta nærmar seg Newfoundland, vel Espen å hoppe av. Bokstaveleg talt. Han sym i land på det vesle fiskeværet Misery Harbour og får seg raskt jobb på eit fiskemottak. Det ser ut som om lykka endeleg har snudd for Espen, men dette viser seg å vere kortvarig. Ein dag kjem den tidlegare seglarkollegaen hans, som no er blitt ein bitter fiende, til det vesle fiskeværet.

Janteloven

Filmen Misery Harbour byggjer på den dansk-norske forfattaren Aksel Sandemoses roman En sjømann går i land (1931) og Sandemose-biografien Mannen fra Jante av Espen Haavardsholm.

Sandemose skreiv fleire romanar og er òg kjend for formuleringa si av jantelova, som er ein tekst som først kom ut i boka hans En flyktning krysser sitt spor.

Janteloven handlar om at du ikkje skal tru at du er noko, og at du ikkje skal tru du er betre enn andre. I Misery Harbour ser vi korleis Espen Arnakke stadig hamnar i konflikt med menneske han møter. Det kan vere interessant å reflektere over om det er noko med veremåten til Arnakke som provoserer folk som lever etter prinsippa i jantelova.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 10.03.2022

Læringsressursar

Filmatiserte bøker