Hopp til innhald

Kortfilm

Himmelen bak huset

Novellefilmen Himmelen bak huset (2011), regissert av Steffan Strandberg og med manus av Trond Arntzen, er ein adaptasjon av Gaute Heivolls barnebok med same namn.

Handling

Filmen handlar om 6-åringen Jon som har mista mor si. Han skildrar ei sorg som er meir langsam enn akutt, då det er ei stund sidan mora døydde.

Filmen er poetisk og lågmælt. Kamera går tett på hovudpersonen, kutta er lange og lydane er henta frå naturen. Det heile gir oss eit bilete av eit barn, og ein far, som strevar med å finne attende til kvardagen att.

Filmen syner også nærleik mellom menneske og nærleik til naturen. Og han syner at fantasi og draumar kan ha ei heilande kraft.

Internasjonal anerkjenning

Himmelen bak huset vann i 2011 vaksenjuryens hovudpris, First Prize Live Action Short Film, ved verdas største barnefilmfestival, Chicago International Children's Film Festival.

Om regissøren og forfattaren

Steffan Strandberg (1969–) er ein anerkjend norsk regissør som har laga over 30 dokumentarar, fiksjons- og dokumentarseriar for TV og kino. Han har også vore produsent og manusforfattar for andre sine filmar. Filmane hans rører ved sosiale, psykologiske, politiske og kunstneriske tema.

Gaute Heivoll (1978–) er ein prislønt norsk forfattar som har skrive ei rekkje bøker både for barn og vaksne. Han fekk det store gjennombrotet sitt med romanen Før jeg brenner ned, som han fekk Brageprisen for, og som også er filmatisert.

Både regissøren og forfattaran lagar kunst om allmennmenneskelege tema, som ofte hentar inspirasjon frå forteljingar og frå det verkelege livet.

Relatert innhald

Himmelen bak huset er ein prislønt novellefilm som baserer seg på ein roman av Gaute Heivoll. Her er oppgåver til filmen i norsk.

CC BY-SASkrive av Heidi Mobekk Solbakken. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 21.06.2019

Læringsressursar

Filmatiserte bøker