Hopp til innhald

Spelefilm

Wuthering Heights

Wuthering heights vert stadig omtalt som ei av dei største kjærleikshistoriene i verda, sjølv om det snart er to hundre år sidan romanen vart skriven. Den Oscar-lønte filmregissøren Andrea Arnold blæs på nytt liv i klassikaren til Emily Brontë.

Om filmen

Catherine Earnshaw og familien hennar bur på ein liten gard i det ville og golde Yorkshire-området i England. Ein dag kjem faren til Catherine heim frå ei reise til Liverpool. Han har meg seg ein ung, heimlaus gut som han har funne på gata.

Familien Earnshaw møter Heathcliff med ein direkte og brutal rasisme. Heathcliff må tole å bli behandla på same måten som dyra på garden. Men trass den låge statusen til Heathcliff utviklar han og Catherine snart eit nært og intenst forhold.

Umogleg kjærleik

Kjærleiksforholdet mellom Heathcliff og Catherine som barn er lykkeleg og kompromisslaust. Men når dei blir eldre, seier Catherine ja til å gifte seg med Edgar Linton frå den meir velståande Linton-familien, trass kjenslene ho har for Heathcliff. Han blir både provosert og såra over dette og bestemmer seg for å reise. Det skal ta fleire år før Heathcliff på nytt kjem attende til Earnshaw-familien. Då har han blitt vaksen, han har pene klede og framstår som velståande.

Mykje har skjedd i Yorkshire også dei åra han har vore borte. Catherine har gifta seg med Edgar, og ho har blitt husfrue på Linton-garden. Heathcliff har bestemt seg for å komme tilbake for å sjå Catherine ein siste gong, og for å ta hemn over broren hennar Hindley, som alltid behandla Heathcliff dårleg i oppveksten.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson og Mairi Macdonald. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 21.06.2019

Læringsressursar

Filmatiserte bøker