Hopp til innhald

Spelefilm

Vi må snakke om Kevin

Dette er ein britisk spelefilm om ei grufull handling, og om ein vanskeleg relasjon mellom mor og son. Filmen byggjer på romanen We Need to Talk About Kevin av Lionel Shriver.

Om filmen

Allereie i opninga av filmen er det tydeleg at Eva Khatchadourian (Tilda Swinton) er sterkt mislikt av mange. Nokon sprayar raudmåling på huset og bilen hennar. Naboane helsar ikkje på henne, og ei framand dame slår henne ned på open gate.

Gjennom tilbakeblikk får vi gradvis sjå kva som har leia opp til den situasjonen Eva no er i. Vi blir tekne med tilbake til tida då sonen Kevin var nyfødd. Allereie då var det problem i relasjonen mellom mor og son, og desse vanskane held etter kvart fram som Kevin blir eldre.

Som 15-åring gjer Kevin ei grufull og utenkjeleg handling. Kan Eva klandrast for det sonen har gjort?

Prisvinnar

Filmen har fått ei rekkje gjæve filmprisar. Den har òg vore nominert til prisar ved fleire filmfestivalar, slik som Gullpalmen ved filmfestivalen i Cannes.

I 2011 blei Tilda Swinton påskjønt med European Film Award for innsatsen sin i filmen. Same året fekk regissør Lynne Ramsay British Independent Film Award for beste regi.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 18.11.2021

Læringsressursar

Filmatiserte bøker