Hopp til innhald

Spelefilm

I de beste hjem

16 år gamle Claude imponerer læraren sin med ein stil der han skildrar livet heime hos ein klassekamerat. Læraren sin fasinasjon for Claudes skriving utløyser etter kvart ei rekkje hendingar. Manus og regi er ved den franske filmskaparen François Ozon.

Om filmen

Sommarferien er over. Lærarar og elevar byrjar på eit nytt skuleår ved Lycee Gustave Flaubert vidaregåande skule.

Garmin er fransklærar ved skulen. Dei første stilane blir leverte inn, og Garmin sit heime på kjøkkenet og rettar dei. Han klagar til kona Jeanne om at årets elevar skriv på eit usedvanleg lågt nivå. Det er likevel eitt unntak: 16 år gamle Claude.

I Claudes stil skildrar han korleis det er heime hos vennen Rapha. Claude har klart å kome seg inn i huset under påskot om at han skal hjelpe Rapha med matteleksene. Stilen til Claude gir detaljerte skildringar av Raphas foreldre. Claude verkar spesielt interessert i mor til klassekameraten.

Garmin blir stadig meir fasinert av historiene til Claude og oppmuntrar han til å halde fram med å skrive om kva som skjer heime hos Rapha. Det blir stadig vanskelegare for både Claude og læraren å gi slepp på historia.

Manuset av filmen byggjer på skodespelet Gutten på bakerste benk (El chico dei la última fila) av Juan Mayorgas.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Anne Cathrine Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 22.06.2021

Læringsressursar

Filmatiserte bøker