Hopp til innhald

Spelefilm

Heidi

Heidi er ein tysk-sveitsisk spelefilm frå 2015 regissert av Alain Gsponer. Foreldrelause Heidi blir send til dei vakre sveitsiske Alpane for å bu med den gamle og humørsjuke bestefaren sin. Når ho har funne seg til rette hos bestefar, blir ho igjen send av garde til ein fornem familie i Frankfurt.

Om filmen

Etter at mora hennar døyr, blir Heidi ein kasteball som ingen vil ha. Tanta hennar Dete vil at ho skal vekse opp i Alpane hos bestefaren, men bestefaren vil først ikkje vite av ho. Han er sur og sint, og i landsbyen går det rykte om at han har drepe nokon.

Tanta etterlet Heidi hos bestefaren. Gradvis blir forholdet mellom Heidi og bestefaren betre. Ho blir òg venn med gjetarguten Peter, og dei er ute i den vakre naturen saman med geitene kvar dag.

Ein dag kjem tanta tilbake for å hente Heidi og ta ho med til ein fornem familie i Frankfurt. Bestefaren vil ikkje at Heidi skal reise, og tanta meir eller mindre kidnappar Heidi. I Frankfurt skal ho bu og gå på skule saman med ei jente som heiter Clara som sit i rullestol.

Frå bok til film

Heidi er basert på ei barnebok med same namn, som er skriven av den sveitsiske forfattaren Johanna Spyri. Ho vart utgitt i to delar, den første delen i 1880 og den andre delen i 1881. Boka har blitt sett om til mange språk og har blitt ei av dei mest kjende barnebøkene i verda.

Filmen er ein passande ressurs i tyskfaget då han i tillegg til å ha tysk tale gir eit autentisk innblikk i sveitsisk kultur. Filmen er basert på ei klassisk barnebok, og temaa i filmen gir eit godt grunnlag for språkleg utforsking og diskusjon på tysk.

CC BY-SASkrive av Anne Cathrine Andersson og Ida Marie Stokkelien. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 28.11.2023

Læringsressursar

Filmatiserte bøker