Varg Veum – Bitre blomster
Handlinga
Den vesle jenta Camilla er forsvunnen i Bergen. Camilla er dottera til den kjende politikaren Vibeke Farang. Forsvinningssaka viser seg å vere meir omfattande enn først antatt. I tillegg til at Camilla er borte, er også Karsten Aslaksen sakna, han er elskaren til jenta si mor. Privatdetektiven Varg Veum får i oppdrag å finne ut av kva som har hendt med Karsten. Han blir stadig meir overtydd om at dei to sakene har ein samanheng med kvarandre, men han blir motarbeidd av politiet.
Frå krimroman til film
Gunnar Staalesen har skrive totalt 18 bøker om Varg Veum. 12 av bøkene er filmatiserte i perioden 2007–2012. Varg Veum – Bitre blomster (2007) var den første som blei filmatisert. I 2012 hadde den 12. og siste filmen, Varg Veum – Kalde hjerter, kinopremiere.
Om regissøren
Det er den norske regissøren Ulrik Imtiaz Rolfsen som har regissert Varg Veum – Bitre blomster. Rolfsen debuterte som spelefilmregissør i 2005 med gangsterfilmen Izzat. Han har også regissert spelefilmane Den siste revejakta (2008), TAXI (2011) og Haram (2014).