Hopp til innhald

Seriar

Halvbroren

TV-serien Halvbroren byggjer på ein roman av Lars Saabye Christensen. Nicolai Cleve Broch spelar hovudpersonen Barnum. På leiting etter den sakna bror sin, Frank, belyser Barnum på same tid dei mørke røyndommane i familien gjennom fire generasjonar.
Mann i rutete skjorte. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oversikt over episodane:

Om serien

Vi møter Barnum i etterkrigstidas Oslo. Han bur saman med den eldre halvbroren Fred i ein heim dominert av tre generasjonar kvinner. Familiehistoria er prega av mange fråverande menn gjennom tidene, og plutseleg ein dag forsvinn også Fred. Barnum blir nøydd til å ta eit oppgjer med familiefedrene sine synder, og blir besett av å finne halvbroren sin att.

Prisvinnande

TV-serien Halvbroren oppnådde stor suksess då den blei vist på NRK 1 i 2013. Han fekk femmarar og seksarar på meldarane sine terningar, og over ein million sjåarar fulgte serien medan han gjekk føre seg. Serien blei også godt motteken i utlandet og blei seld til 13 land. Han vann blant anna sju prisar under Gullruten 2013, og Beste miniserie i Seoul International Drama Awards. Serien blei også nominert til Beste europeiske drama under Prix Europa i Berlin.

Serien er basert på ein roman av Lars Saabye Christensen, som brukte over 20 år på å skrive han. Boka kom ut hausten 2001 og hausta også ei rekkje prisar.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Mairi Macdonald. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 23.06.2020

Læringsressursar

Filmatiserte bøker