Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva veit du om berekraftig mat?

Ta stilling til påstandar om berekraftig mat og finn ut kva du trur du veit.

Oppgåve 1. Ta stilling til påstandar

Oppgåve 2. Diskuter resultata

Kva påstand blei de mest overraska over? Forklar kvifor de blei overraska.

Oppgåve 3. Fleire påstandar om berekraftig mat

  1. Finn truverdige kjelder som hjelper dykk med å ta stilling til påstandane under. I nokre tilfelle må de kanskje leggje bestemde premissar til grunn for å kunne konkludere. Det vil truleg vere forskjell på kor berekraftig sjømat i vill tilstand er, samanlikna med sjømat frå oppdrett.

    «Sjømat er berekraftig mat!»

    «Alle bør ete mindre kjøtt for å redde klimaet.»

    «Det er betre å ete kvitt kjøtt enn raudt kjøtt.»

    «Utan kjøtt får vi ikkje dei næringsstoffa vi treng.»

    «Grønsaker inneheld stort sett karbohydrat og fiber.»

    «Å dyrke grønsaker er berekraftig.»

  2. Somme påstandar blir gjentekne så mange gonger, at dei etter kvart blir vedtekne sanningar. Har de døme på slike påstandar? Prøv å finne kjelder som støttar påstandane.

Kjelder

Cicero. (2019). Klimagassutslipp fra norsk mat (CICERO Report;2019:05). http://hdl.handle.net/11250/2595969

Faktisk. (2019, 2. januar). Nei, rødt kjøtt fra Breim er ikke bedre for klimaet enn avokado fra Chile. Lasta ned 18. februar 2021 frå https://www.faktisk.no/faktasjekker/je6/nei-rodt-kjott-fra-breim-er-ikke-bedre-for-klimaet-enn-avokado-fra-chile

Horne, T. (2020). Den store klimaguiden. Forlaget Press.

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 15.03.2021

Læringsressursar

Berekraftig mat