Hopp til innhald

Fagstoff

Berekraftig mat

Kva vi vel å ete, er viktig – ikkje berre for deg og kroppen din, men òg for kloden vår. Med "berekraftig mat" meiner vi at vi dekker dagens behov for mat utan å øydelegge moglegheita for dei som kjem etter oss. Eit variert kosthald er nøkkelen for å ta vare på både kroppen din og på kloden vår.
Skotsk høglandsfe på utmarksbeite. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit berekraftig kosthald

Kvar einaste dag blir vi fleire menneske på jorda. Det er lett å forstå at matproduksjonen må bli større, samtidig som vi må kaste mindre mat. Då må òg alle land dyrke så mykje som mogleg av maten sin sjølv. Kortreist mat er målet!

FN definerer eit berekraftig kosthald som eit kosthald som

  • ikkje går på kostnad av miljøet
  • bidreg til nok mat med riktig næringsinnhald, og som kan gi eit sunt liv for oss som lever i dag, og for framtidige generasjonar
  • vernar det biologiske mangfaldet
  • er
  • er tilgjengeleg for alle
  • er økonomisk rettferdig
  • er trygt og sunt
  • gir god ressursbruk

Karbonfotavtrykk

Utsleppa av klimagassar har aldri vore høgare enn dei er i dag. Det gjer at klimaet endrar seg. Karbonfotavtrykket til produktet, det vil seie mengda CO2 som blir sleppt ut i samband med produksjonen av produktet, er derfor eit viktig mål i samband med berekraft, òg når det gjeld mat. Jo lenger ned i næringskjeda ein vel matvarer frå, jo mindre er karbonfotavtrykket av kosthaldet som heilskap.

Produksjon av matvarer frå planteriket har betydeleg lågare utslepp av klimagassar og bruker mindre vatn og mindre landareal enn produksjon av kjøtt og meieriprodukt. I eit berekraftsperspektiv er det derfor viktig å auke inntaket av frukt, bær og grønsaker og å redusere mengda kjøtt, fisk og meieriprodukt i kosthaldet.

Energibalanse og produksjon

I tillegg til å ete variert er det viktig at du har god balanse mellom kor mykje energi du får i deg gjennom mat og drikke, og kor mykje du forbruker gjennom aktivitet. Dette er viktig ikkje berre for å oppnå god helse, men òg for unngå at vi produserer meir mat enn nødvendig.

Vi ser ein aukande trend i kor mykje mat kvar enkelt et. Ifølge FN et meir enn halve befolkninga på jorda meir enn det gjennomsnittlege energibehovet på 2352 kcal per dag.

Grafisk framstilling av kaloriinntak i utvalde land. Grafikk.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vidare viser forsking på matsvinn at vi nordmenn kastar kvar fjerde berepose med mat vi kjøper i butikken.

Det er vi forbrukarar som er verstingane når det gjeld kasting av mat, og vi står for til saman to tredelar av all mat som blir kasta i Noreg. At vi et og kjøper meir mat enn vi treng, betyr at vi sløser med ressursane som blir kravde for å produsere maten. Dette er noko du kan gjere noko med!

Kjelder

Aarskog, K. N. (2015). Derfor kaster vi mat. Forskning.no. https://forskning.no/uit-norges-arktiske-universitet-hus-og-hjem-mat/derfor-kaster-vi-mat/486121

Amundsen, B. (2016). Mest mat kastes hjemme hos deg. Forskning.no. https://forskning.no/samfunnskunnskap-okologi-ressursokonomi/mest-mat-kastes-hjemme-hos-deg/445311

Forbrukarrådet (u.å.). Fairtrade. Henta 15. mars 2020 frå https://www.forbrukerradet.no/merkeoversikten/etikk/fairtrade/

Lidal, H. (2017). Sjekk hvilken mat som er best for miljøet. Framtiden i våre hender. https://www.framtiden.no/gronne-tips/mat/sjekk-hvilken-mat-som-er-best-for-miljoet.html

Miljøstatus.no (2019, 15. november). Klimagassutslipp fra jordbruk. https://miljostatus.miljodirektoratet.no/tema/klima/norske-utslipp-av-klimagasser/klimagassutslipp-fra-jordbruk/

Nasjonalt råd for ernæring (2017). Bærekraftig kosthold – vurdering av de norske kostrådene i et bærekraftsperspektiv. (Rapport 11/2017). https://www.helsedirektoratet.no/rapporter/baerekraftig-kosthold-vurdering-av-de-norske-kostradene-i-et-baerekraftperspektiv.pdf

CC BY-SASkrive av Camilla Øvstebø.
Sist fagleg oppdatert 15.03.2020

Læringsressursar

Berekraftig mat