Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Meny med norske råvarer

Lag ein middagsrett med norske råvarer.
Fargerike grønsaker ligg på eit fat, mellom anna tomat, chili, lauk og salat. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva de skal lære

De skal lære kva råvarer, både lokale og importerte, som er tilgjengelege i Noreg.

Oppgåve 1. Importvarer og eksportvarer

  1. Gå saman i grupper på to eller tre elevar.
  2. Lag ei liste med matvarer som blir importerte til Noreg. Kva land kjem desse varene frå?
  3. Lag ei liste over matvarer som blir eksporterte frå Noreg til andre land.

Oppgåve 2. Norske grønsaker

  1. Gå i ein butikk og lag ei liste over grønsakene dei sel.
  2. Set kryss ved dei grønsakene som er dyrka i Noreg.

Oppgåve 3. Lag ein meny

Utarbeid eit forslag til ein middagsrett som består av berre norske råvarer.

CC BY-SASkrive av Einar Martin Kålen og Dina Gaupseth.
Sist fagleg oppdatert 24.05.2023

Læringsressursar

Berekraftig mat