Hopp til innhald

Fagstoff

Line fikser maten: Fisk

I serien Line fikser maten utforskar Line Elvsåshagen miljøkonsekvensane av den moderne matproduksjonen i Noreg. I denne episoden tek ho eit djupdykk i den norske fiskeproduksjonen.

Refleksjonsspørsmål

  1. Kva er bra med tradisjonelt fiske? Kva er utfordringa med tradisjonelt fiske?

  2. Kva er bra med oppdrettsfisk? Kva er utfordringa med oppdrettsfisk?

  3. Har vi noko ansvar for at fisken vi et, har hatt eit godt liv?

  4. Korleis trur du det vil gå om vi ikkje klarer å stanse overfisket og klimaendringane?

  5. Er oppdrettsnæringa løysinga for å kunne mate fleire med fisk utan å vere avhengige av dei sårbare bestandane i havet? Eller er ho ein del av problemet?

  6. Nokre fiskesortar er det lite av, og dei er utryddingstrua. Kva sortar er dette? Kva fisk bør vi ete mest av? Tips: Les i Sjømatguiden som ligg som relatert innhald på denne sida.

  7. Har vi som jobbar innanfor restaurant- og matfag, eit ekstra ansvar for å velje berekraftig fisk? Kvifor eller kvifor ikkje?

  8. Etter å ha sett denne episoden om fisk, kva er inntrykket ditt av fiskerinæringa? Kva er dei største utfordringane, og kva er løysinga?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Therese Hansen Federl, Jannike Gausdal og Einar Martin Kålen.
Sist fagleg oppdatert 02.11.2022

Læringsressursar

Berekraftig mat