Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis kan vi sikre eit berekraftig kosthald?

For å kunne vurdere noko som berekraftig må ein vurdere det ut frå tre ulike perspektiv – korleis det påverkar klima, sosiale forhold og økonomiske forhold. Dette gjer temaet om berekraftig mat svært samansett.

Dyrking av råvarer som menneskemat eller dyrefôr?

Å dyrke råvarer til dyrefôr krev ressursar. I eit miljøperspektiv hadde det vore betre om menneska dyrka meir korn, frukt og grønt og åt det sjølv i staden for å bruke det til kjøttproduksjon. FNs klimapanel meiner derfor det er viktig for matvaresituasjonen i verda at vi kuttar ned på kjøttforbruket vårt.

Her i Noreg kjem 8,6 prosent av det samla klimagassutsleppet vårt frå jordbruket, og då hovudsakleg frå kjøttproduksjonen. Vidare går 80 prosent av alt kornet som blir dyrka i Noreg til dyrefôr. Hovudgrunnen til dette er at kvaliteten på kornet er for låg til at kornet kan brukast til menneskemat, som til dømes bakevarer. Heldigvis er dette eit område forskarane er opptekne av å forbetre, slik at meir av det norske kornet kan brukast til mat.


Import av varer eller "kortreist" mat?

Vi importerer ein del matvarer til Noreg. Somme av dei må importerast fordi dei ikkje kan dyrkast her, som til dømes appelsinar, bananar, sukker og kaffi. Så lenge dette er matvarer som vi absolutt treng, er det akseptabelt. Det blir noko heilt anna å importere matvarer langvegsfrå viss vi har moglegheita til å produsere dei her i Noreg.

Kjøtt er eit døme på dette. Korleis kan vi forsvare at vi importerer mykje kjøtt frå Sør-Amerika og Afrika, når vi har kjøttproduksjon i Noreg? Frå eit berekraftsperspektiv er det då betre at fleire bønder produserer meir kjøtt i vårt eige land.

Ein avokado delt i to. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit anna døme er ris. Er det å ete stadig fleire rettar med ris her i Noreg berekraftig? Kvar kjem risen frå? Eit alternativ til ris er å bruke norske byggryn.

I dag har "kortreist mat", som betyr at maten er produsert lokalt, blitt eit populært omgrep. Det er positivt både for Noreg som heilskap, for lokalsamfunna i Noreg og for miljøet, fordi vi sparer transport og reduserer miljøbelastninga.

Et etter årstid frå spiskammeret i naturen

Hender som held kopp med blåbær i grøne omgivnader. Foto.

Vi har fantastiske moglegheiter til å ete det naturen gir oss. Dette er mat heilt utan produksjonskostnader. I Noreg har vi fisk og skaldyr som er verdskjende for god kvalitet. Både jakt og fiske gir flotte moglegheiter til å bruke naturen. I tillegg er bær, sopp og urter lett tilgjengeleg i skog og mark.

Grønsaker, frukt, bær og urter kan dyrkast i hagen eller på balkongen. Ved å lage og ete mat etter kva årstid det er, bidreg vi til eit betre miljø, fordi vi då bruker mindre ressursar på kjøling, frysing og transport av maten og reduserer behovet for import av varer.

Økologisk mat

Økologiske tomatar. Foto.

Auka matproduksjon gir meir mat, som er ein viktig føresetnad ved auka befolkningsvekst. Tradisjonelt landbruk blir drive for å produsere mest mogleg mat på minst mogleg areal. Dette krev bruk av maskinar som blir drive av fossilt brensel, sprøytemiddel og importert kraftfôr. Men er dette berekraftig?

I eit miljøperspektiv har det vore mykje fokus på økologisk mat. Eit økologisk landbruk blir i større grad drive "på lag med" naturen. Det vil seie med mindre intensiv bruk av jorda, utan bruk av sprøytemiddel og kunstgjødsel. Økologisk landbruk tek i større grad vare på biodiversiteten i økosystemet og forureinar mindre.

Økologisk dyrking av mat gir dårlegare avlingar, og vi klarer derfor ikkje å produsere like mykje mat som det vi får ved konvensjonelt landbruk. Spørsmålet er om det er matproduksjonen som er den største utfordringa i matsituasjonen i verda, eller om det er fordelinga av mat.

Etisk mat

Fairtrade sin logo blant tomater. Foto.

Sjå etter Fairtrade-merket i butikken! Matvarer som er merka med Fairtrade, er mellom anna kaffi, bananar, te, sukker og nøtter. Fairtrade er ei internasjonal merkeordning for rettferdig handel for å hjelpe bønder og andre arbeidarar ut av fattigdom ved rettferdig råvarebetaling, betre arbeidsforhold og investering i produksjon.

Ved å kjøpe etisk mat hjelper vi andre menneske til å få meir makt over eigne liv. Men samtidig er det slik at import av matvarer har stor miljøbelasting globalt.

Mat ved bruk av bioteknologi

Den aukande befolkninga i verda set krav til effektiv matproduksjon. Kan genmodifisert mat vere løysinga?

Ved hjelp av bio- og genteknologi kan vi i dag auke den globale matproduksjonen ved å gi oss større avlingar, auke næringsinnhaldet i maten og redusere bruken av sprøytemiddel. Vidare kan ein produsere kjøtt i laboratoriet. Dette reduserer talet på dyr i fangenskap, bruken av vassressursar og bruken av landareal. Moderne teknologi kan bidra til å brødfø verda.

To kvinnelege forskarar jobbar med kjøtt på eit laboratorium. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Spørsmålet er berre: Kva er miljø- og helsekonsekvensane av å bruke genmodifiserte organismar som mat? Dette er vi usikre på, og denne uvissa har sett ein stoppar for godkjenninga av genmodifisert mat i Noreg. Bruk av bio- og genteknologi til matproduksjon er likevel eit aktuelt tema av stor interesse for forskarar, og utviklinga går raskt framover.

Kjelder

Forbrukarrådet (u.å). Fairtrade. Henta 15. mars 2020 frå https://www.forbrukerradet.no/merkeoversikten/etikk/fairtrade/

Forskning.no. (2012, 31. august). Kronikk: Fakta, ikke myter, om økologisk landbruk. Henta 29. april 2020 frå https://forskning.no/kronikk-landbruk-miljovern/kronikk-fakta-ikke-myter-om-okologisk-landbruk/1176651

Miljøstatus.no. (2019, 15. november). Klimagassutslipp fra jordbruk. Henta frå https://miljostatus.miljodirektoratet.no/tema/klima/norske-utslipp-av-klimagasser/klimagassutslipp-fra-jordbruk/

Nasjonalt råd for ernæring. (2017). Bærekraftig kosthold - vurdering av de norske kostrådene i et bærekraftsperspektiv. Henta frå https://www.helsedirektoratet.no/rapporter/baerekraftig-kosthold-vurdering-av-de-norske-kostradene-i-et-baerekraftperspektiv.pdf.

Universitet i Oslo. (2019, 1. mars). Landbruk. Henta 29. april 2020 frå https://www.mn.uio.no/ibv/tjenester/kunnskap/plantefys/leksikon/l/landbruk.html

CC BY-SASkrive av Camilla Øvstebø og Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 18.05.2023

Læringsressursar

Berekraftig mat