Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Middagsrett med utvalde råvarer

Set saman ein middagsrett basert på eit gitt utval av råvarer.
Fire russiske matretter: pannekaker, blinis, lapskaus og borsjtsj. Kollasj.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva du skal lære

Du skal lære å setje saman ein middagsrett som inneheld spesifikke råvarer.

Slik gjer du:

  1. Gå i gruppe med tre–fire andre.
  2. Ein eller to i gruppa skal fungere som gruppeleiar(ar), som har ansvaret for å koordinere arbeidet.
  3. Vel eitt av punkta under som utgangspunkt, og lag ein middagsrett med tilhøyrande drikke:
    1. ein tradisjonell rett frå området
    2. ein internasjonal rett
    3. ein rett som inneheld minst eitt fairtrade-produkt
    4. ein rett som er laga av økologiske råvarer
    5. ein rett som inneheld sesongvarer
  4. De skal presentere retten for klassen. De skal beskrive retten og grunngi valet av råvarer.
CC BY-SASkrive av Einar Martin Kålen og Dina Gaupseth.
Sist fagleg oppdatert 10.08.2020

Læringsressursar

Berekraftig mat