Hopp til innhald
Film og filmklipp

Line fikser maten: Kjøtt

I serien Line fikser maten utforskar Line Elvsåshagen miljøkonsekvensane av den moderne matproduksjonen i Noreg. I denne episoden tek ho ein nærare titt på produksjonen av oksekjøtt.

Refleksjonsspørsmål

  1. Den enorme kjøttproduksjonen er ei belastning for klimaet vårt, og vi menneske kan fint ha eit fullverdig kosthald utan å ete kjøtt. Er det då forsvarleg å halde oppe denne kjøttproduksjonen og drepe så mange dyr?

  2. Har det i dag vorte for stor avstand mellom forbrukar og dyr? Veit vi for lite om kor mykje tid, arbeid, ansvar og ressursar som trengst for å produsere mat?

  3. Det å ete kjøtt har lange tradisjonar i Noreg og er ein del av matkulturen vår. Er det no på tide å endre på matkulturen? Kvifor eller kvifor ikkje?

  4. Er det fornuftig at eldre på sjukeheimar blir serverte vegetarbollar i staden for kjøttbollar til middag? Kvifor eller kvifor ikkje?

  5. Synest du det er rett eller gale å dyrke fram kunstig kjøtt i eit laboratorium? Grunngi svaret ditt.