Film og filmklipp
Line fikser maten: Fremtiden
I serien Line fikser maten utforskar Line Elvsåshagen miljøkonsekvensane av den moderne matproduksjonen i Noreg. I denne episoden ser ho mot framtida. Ho prøver å finne ut korleis vi kan gjere matproduksjonen grønare.
Kva tenker du om å ete insekt som proteinkjelde i framtida? Er det ei god løysing på utfordringa med å mette den aukande befolkninga i verda?
Kva trur du må til for at insekt skal bli sett på som noko innbydande på tallerkenen?
Synest du daglegvarebransjen tek nok ansvar når det gjeld matsvinn og at forbrukarane ikkje skal kjøpe meir enn dei treng?
Er det forbrukarane eller bransjen som bestemmer kva vi skal ete? Har forbrukarane makt?
Korleis trur du matvanane til nordmenn blir i framtida?