Hopp til innhald
Oppgåve

Bli kjend med Fairtrade-ordninga

Lær om Fairtrade-sertifisering og Fairtrade-produkt.

Kva du skal lære

  • å kjenne til ulike utfordringar ved produksjon av importerte råvarer og produkt
  • å kjenne til arbeidsforhold i land som produserer Fairtrade-produkt
  • å kjenne til forskjellar i arbeidsforholda i land med svak økonomi og i land med god økonomi

Oppgåve 1

Bruk internett til å finne ut kva produktkategoriar Fairtrade jobbar med. Lag ei liste.

Oppgåve 2

  1. Finn ut kva verdiar som er sentrale for Fairtrade. Kva forhold er dei opptekne av når dei skal sertifisere (godkjenne) ei vare?
  2. Vel deg ei råvare. Finn ut kva land råvara blir produsert i, og kva utfordringar denne bransjen har med å etterleve verdiane til Fairtrade.

Oppgåve 3

Gå til ein kolonialbutikk, og lag ei oversikt over Fairtrade-produkt denne butikken fører.

Oppgåve 4

Set opp ei liste over fordelar og ulemper med å bruke Fairtrade-produkt på skulen.

Oppgåve 5

Finn fram på nettsida til Fairtrade, og lag ei oversikt over kva kriterium skulen din må oppfylle for å kunne bli ein Fairtrade-skule.

Oppgåve 6

  1. Lag ei oversikt over fokusområda til Fairtrade.
  2. Vel deg eitt av fokusområda, og lag ein kort presentasjon om temaet. Du kan lage ein skriftleg presentasjon med bilete eller ein munnleg presentasjon som du presenterer digitalt.