Hopp til innhald

Fagstoff

Berekraftsmåla viser veg

FN har valt 17 tema som vi må jobbe med for å oppnå ei berekraftig utvikling. Måla gjeld i 193 land og skal gjere oss i stand til å utrydde fattigdom, kjempe mot ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030.
Ikoner for dei 17 temaa i FN sine berekraftmål. Grafikk.

Alt heng saman

Som vi ser av berekraftsmåla, er det mange faktorar som har betydning for om ei utvikling er berekraftig eller ikkje. Nokre av måla handlar om sosiale forhold, andre handlar om miljø eller økonomi.

Det kan kanskje verke litt overveldande, men heldigvis heng mange av desse områda saman. Dersom ein klarer å kjempe mot klimaendringar, har dette innverknad på livet både på land og i havet. Dette har igjen betydning for om vi klarer å halde nede svolt og fattigdom.

Hensikta med berekraftsmåla

Hensikta med berekraftsmåla er å lage eit system der vi kan følgje med på det som skjer, og sjå om det vi gjer, hjelper. Då kan vi lettare styre utviklinga, slik at vi når målet: ei utvikling som er berekraftig.

Dersom vi klarer det, vil dei som kjem etter oss, få minst like gode moglegheiter til å leve dei liva dei ønskjer, som det vi har. Og det er faktisk 193 land i verda einige om at vi må!

Berekraftsmåla er delte opp i 169 delmål. Du kan lese meir om måla her:

FNs bærekraftsmål

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 10.09.2020

Læringsressursar

Berekraftig mat