Hopp til innhald
Film og filmklipp

Line fikser maten: Korn

I serien Line fikser maten utforskar Line Elvsåshagen miljøkonsekvensane av den moderne matproduksjonen i Noreg. I denne episoden får ho vite meir om utfordringane knytte til kornproduksjon.

Refleksjonsspørsmål

  1. Tenk over: Kor mange produkt med korn et du vanlegvis i løpet av ein dag? Kor mange i løpet av ei veke?

  2. Krig, konfliktar eller klimakatastrofar kan føre til kornkrise. I tilfelle ei kornkrise er vi i Noreg dårleg førebudde. Diskuter:

    1. Er vi i Noreg for naive når det gjeld korntryggleik?

    2. Tek vi korn for gitt?

  3. Bør vi jobbe for å auke forbruket av norsk bygg framfor importert ris med låg næringsverdi? Kvifor eller kvifor ikkje?