Klassa sin time
Klassa har ikkje ein lovfesta rett til å ha klassa sin time, men den tillitsvalde i klassa skal ha moglegheit til å gjere jobben sin. I ein overordna del av læreplanverket heiter det:
Skolen skal vere ein stad der barn og unge opplever demokrati i praksis. Elevane skal erfare at dei blir lytta til i skolekvardagen, at dei har reell innverknad, og at dei kan påverke det som vedkjem dei. Dei skal få erfaring med og praktisere ulike former for demokratisk deltaking og medverknad, både i det daglege arbeidet i faga og gjennom til dømes elevråd og andre rådsorgan.
Oppgåva kan løysast individuelt eller i ei lita gruppe. Du skal ta ansvaret for klassa sin time. Dette inneber å planleggje innhaldet, å gjennomføre timen, å dokumentere det som blei bestemt, og å evaluere timen til slutt.
Læraren kan eventuelt vurdere innsatsen din på bakgrunn av praktisk gjennomføring, dokumentasjon i form av referat og evaluering i ei eigenvurdering.
Planlegging
Saker: Dette er den viktigaste delen av arbeidet. Du må tenkje gjennom kva saker du vil at klassa skal diskutere. Du kan be dei andre elevane sende deg saker innan ein viss frist. Sakene set du deretter opp i ei saksliste som du sender til dei andre elevane minst ein dag på førehand. Når sakene er kjende, blir det ofte betre diskusjonar i klassa.
Struktur: Tenk gjennom korleis sakene skal presenterast. Kan du leggje opp til gruppearbeid, eller skal du førebu ein PowerPoint?
Tidsdisponering: Du må vurdere korleis tida skal fordelast på dei ulike sakene, og du må setje av tid til ei kort innleiing og avslutning. Avtal med elevane som vil presentere eigne saker, kor lang tid dei har.
Korleis kan du engasjere og motivere klassa til å vere aktiv?
Førebu ei anonym spørjeundersøking som klassa skal svare på på slutten av timen.
Gjennomføring
På dagen: Pust med magen, og sei til deg sjølv at "dette blir bra"! Ver førebudd på at du må ta styringa undervegs viss diskusjonen glir ut og tida blir knapp.
Vedtak: Samanfatt kvar sak, bli einige i klassa om ein konklusjon og om korleis saka eventuelt skal takast vidare. Saka er anten løyst eller skal sendast til kontaktlærar, elevråd, avdelingsleiar eller rektor.
Dokumentering
Referat: Du må skrive eit referat frå klassa sin time. Referatet skal innehalde vedtaka og eventuelt ei kort oppsummering av diskusjonane. Referatet skal sendast til dei andre elevane innan ei veke.
Evaluering
Klassa: Lag ei anonym spørjeundersøking som klassa skal svare på til slutt.
Deg sjølv: Skriv ei eigenvurdering.
Relatert innhald
Det blir arrangert små og store møte i bedrifter kvar dag. Det er planleggingsmøte, kundemøte, intervju og styremøte.