Hopp til innhald

Fagstoff

Rolla som innleiar

Når du skal innleie til debatt, kan du velje mellom fleire strategiar. Det er viktig at møteleiinga veit kva du kjem til å seie i innleiinga di.
Marthe Øvrum fra Skeiv ungdom taler på et møte som barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland har invitert til. Ministeren sitter ved siden av Marthe og ser på henne. Dato for møtet var 31. januar 2018. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Éin grunnregel - fleire strategiar

Det finst mange strategiar du kan bruke for å få i gang gode og saklege diskusjonar. Her finn du tre variantar. For alle tre gjeld ein grunnregel: Innleiing til debatt er ikkje det same som foredrag! Du må uttrykkje deg så knapt at det blir tid til debatt etterpå.

Når du skal innleie til debatt, er det viktig at du samarbeider tett med møteleiinga, slik at dei veit kva du kjem til å gjere.

Nøytral informasjon

Du kan kort presentere dei ulike hovudsynspunkta i saka. Har du eigne synspunkt, må du passe på at dei ikkje fargar framstillinga di av sakstilhøva. Synest du det er vanskeleg å opptre nøytralt, bør du vurdere å gi oppgåva til ein annan.

Engasjert saksinnlegg

Dersom du er glødande engasjert i ei sak, kan du vere rette person til å få fart på ein diskusjon. Engasjementet ditt kan aktivisere andre, også dei som ikkje er samde i synspunkta dine. Ei lita åtvaring: Snakk ikkje for lenge! Då risikerer du at tilhøyrarane blir lei heile saka.

Provokasjon

Skal du innleie i ei forsamling der du veit at det er vanskeleg å få folk til å snakke, kan det løne seg å gi dei eit lite spark bak! Set saka på spissen, overdriv konsekvensane eller gi ei humoristisk framstilling av ei elles alvorleg sak. Dette er ikkje noka innleiingsform for amatørar, men ho kan vere svært effektiv når ho lykkast.

CC BY-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 20.01.2019

Læringsressursar

Møte og arrangement