Hopp til innhald

Fagstoff

Rolla som møtedeltakar

For at eit møte skal bli vellykka, må deltakarane vere førebudde og aktive. Her får du nokre tips om korleis du som møtedeltakar kan bidra til eit godt møte.
Ei kvinne står og snakker for noen personer som sitter rundt et bord. Hun gestikulerer engasjert. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Før møtet

Dersom du vil oppnå noko på møtet, må du stille førebudd. Studer innkallinga nøye. Er det saker der som du synest er viktige? Då bør dei stå så langt oppe på lista som mogleg. Mot slutten av eit møte er folk ofte slitne, og tidsnød kan gjøre at saka ikkje får skikkeleg handsaming. Du kan be om endring i rekkjefølgja når du kjem på møtet.

Les gjennom sakspapira og kontakt møteleiinga dersom du synest informasjonen er mangelfull. Det er for seint å be om dette når du kjem på møtet.

Førebu deg til diskusjonar. Du stiller mykje sterkare i ein diskusjon dersom du på førehand har tenkt gjennom det du vil seie og kan dokumentere påstandane dine. Tenk også over kva for argument motstandarane dine mest sannsynleg vil kome med, og korleis du kan møte dei.

På møtet

Under møtet er det viktig at du følgjer med på det som skjer, slik at du ikke heftar andre med utspel som byggjer på feiloppfatningar og misforståingar. I tillegg gjeld det å vere høfleg og roleg. Nokre tips når du skal delta i diskusjonen:

  • Snakk om éin ting om gongen! Har du mykjer på hjartet, be heller om ordet ein gong til.
  • Ver kort! Dei fleste synest det er slitsamt med lange einetalar. Uttrykk deg presist og knapt, og på enklaste måte.
  • Bruk gjerne konkrete døme, det engasjerer og lettar forståinga.
  • Hald deg til saka! Då vinn du sympati, og alle sparer verdifull tid.
  • Ver positiv! Peik på fordelane ved framlegget ditt framfor å rakke ned på motstandaren. Strek under det de er samde om.
  • Når du kritiserer, bør du helst òg kome med eit framlegg som du meiner er betre.
  • Lytt! Høyr godt etter kva dei andre seier, og noter det viktigaste. Bryt ikkje av, men vent til det er din tur før du kjem med motargument.

Etter møtet

Dersom du har tatt på deg oppgåver, må du følgje dei opp. Gjer det du har lova, og rapporter til møteleiinga straks oppgåva er utført.

CC BY-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 19.01.2019

Læringsressursar

Møte og arrangement