Hopp til innhald
Fagartikkel

Rolla som møteleiar

Ein møteleiar må syte for at møtet blir gjennomført etter reglane, at tonen på møtet er positiv og høfleg og at alle får kome til orde.

Møteleiing

Som møteleiar har du ansvaret for at saklista (dagsorden) blir følgd og at møtet elles går føre seg etter reglane. Foreiningar og organisasjonar har vedtekter som må følgjast, og desse må du setje deg inn i. På møte med få deltakarar er det vanleg at møteleiaren også er ordstyrar i diskusjonen. Derfor må du også kunne reglane for formelle diskusjonar.

Talarliste

Møtedeltakarane ber om ordet ved å rekkje handa i vêret. Du noterer då namna og nikkar for å vise at dei er sette på talarlista.

Stryk folk frå talarlista etter kvart som dei har fått ordet. Du har lov til å setje deg sjølv på talarlista, men då må du seie frå at du gjer det. Hugs òg at ein profesjonell møteleiar skal framstå som upartisk og sakleg.

Replikk

Ein replikk er ein kort kommentar til siste innlegg. Deltakarane ber om replikk ved å bruke V-teikn eller ved rekkje opp handa og seie "Replikk!" Det er vanleg å tillate to replikkar til kvart innlegg.

Som møteleiar må du passe på at replikkane faktisk handlar om siste innlegg. Prøver nokon å ta opp eit heilt nytt punkt i ein replikk, må du gripe inn og be vedkomande teikne seg på talarlista.

Å setje strek

Som møteleiar kan du avrunde diskusjonen ved å setje strek. Då gir du beskjed til deltakarane at dei som vil ha ordet før diskusjonen blir avslutta, må teikne seg på talarlista med ein gong. Det er lurt å setje strek når det ikke kjem fram noko nytt i diskusjonen lenger, eller når tida som er avsett til diskusjon snart er brukt opp.

Du set grensene

Det er di oppgåve å syte for at alle deltakarane "ter seg som folk". Tonen skal vere høfleg og sakleg. Fornærmingar og trakassering må du slå ned på med hard hand.

Møteplagarar, det vil seie personar som diskuterer berre fordi dei liker å høyre si eiga stemme, kan du stoppe ved å avgrense taletida. Du kan også foreslå å avgrense talet på innlegg kvar deltakar kan ha. Det er sjeldan at fleirtalet på møtet hindrar deg i å gjøre dette. Elles gjeld det å klubbe ned alle forsøk på avbrot og innlegg utanfor talarlista. I tillegg har du lov til å stoppe som ikkje gjeld saka som blir diskutert.