Hopp til innhald

Fagstoff

Gangen i ein formell diskusjon

Dess fleire deltakarar på eit møte, dess meir nødvendig er det å styre diskusjonen. Derfor finst det klare reglar for korleis formelle diskusjonar skal gjennomførast. Desse reglane bør alle kjenne til.
Menn og kvinner sit rundt eit langt møtebord. Bilete.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ordstyrar

For at ein diskusjon med mange deltakarar skal gå føre seg i ordna former, trengst det ein ordstyrar som ser til at reglar og tidsrammer blir følgde.

Gangen i diskusjonen

Gangen i diskusjonen er som oftast slik: Ordstyraren ønskjer deltakarane velkomne og presenterer problemstillinga som skal drøftast. Etter innleiinga kan deltakarane be om ordet ved å rekkje opp handa. Ordstyraren noterer namna på talarlista og gir ordet til deltakarane etter tur. Når ein deltakar er ferdig med innlegget sitt, blir namnet på talaren stroke frå lista og ordstyraren gir ordet til neste talar. Det er lov å teikne seg på lista fleire gonger.

Innlegg og replikk

For å få halde eit innlegg må vi teikne oss på talarlista og vente på tur. Men det finst også ein annan måte å komme til orde på: Vi kan be om replikk. Ein replikk er ein kort kommentar til det siste innlegget. Vi kan altså ikkje ta opp eit nytt punkt i ein replikk.

Du ber om replikk ved å rekkje opp handa og seie «Replikk!», eller ved å strekkje to fingrar i vêret i V-teikn. Det er vanleg å tillate to replikkar til kvart innlegg.

Avslutning

Ordstyraren må òg passe på at ho held tidsramma for diskusjonen. Dersom tida ser ut til å bli knapp, kan han avgrense taletida, eller han kan setje strek. Då gir han beskjed til deltakarane om at dei som ønskjer å ha innlegg, må teikne seg på talarlista med ein gong. Etter at strek er sett, kan ingen teikne seg meir.

Ordstyraren rundar av diskusjonen ved å summere opp kva deltakarane har kome fram til. Om diskusjonen skal ende opp i eit vedtak, går saka no vidare til avstemming.

CC BY-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 30.01.2019

Læringsressursar

Møte og arrangement