Hopp til innhald

Fagstoff

Rolla som referent

Blir du vald til referent for eit formelt møte, har du fått ei viktig rolle!
Stortingssalen. Ein talar forlet talarstolen og er på veg tilbake til plassen sin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Under møtet

Som referent noterer du kven som er til stades og kven som eventuelt har meldt forfall. Noter flittig under møtet, anten for hand eller på pc. Det er ikkje meininga at du skal gi att heile diskusjonen, men kvar sak skal presenterast skikkeleg og alle vedtaka, inkludert eventuelle avstemmingsresultat, må kome med. Hugs òg å oppgi tid og stad for møtet.

Ver merksam på at den som tek notat til referatet, får lite høve til sjølv å vere med i debatten. Dette er kanskje ikkje rolla du skal ta på deg om du er brennande engasjert i ei sak som skal opp!

Etter møtet

Etter møtet må du reinskrive notata dine og sende referatet ut til alle møtedeltakarane. Skriv referatet så raskt som mogleg – notata dine gir best meining så lenge du har samanhenger og fakta frå møtet friskt i minne.

Dersom du er ny som referent, løner det seg å lese gjennom tidligere referat. Då ser du kva slags referatmal som er vanleg i organisasjonen, og du kan følgje han når du skriv referatet ditt.

CC BY-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 19.01.2019

Læringsressursar

Møte og arrangement