Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva er eit berekraftig arrangement?

Kva inneber det at eit arrangement er berekraftig? I denne oppgåva skal du utforske og samanlikne i kva grad to musikkfestivalar er berekraftige.
Entusiastiske festivaldeltakarar på musikkfestival. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvart år samlast tusenvis av norske ungdommar på musikkfestivalar. Festivalar har vore kritiserte for å ikkje vere opptekne av miljø og berekraft. Det har vore forsøpling og eit stort forbruk av eingongsplast, og naboar har opplevd at folk tråkkar inn i hagar og lagar bråk.

Du skal i denne oppgåva utforske korleis to musikkfestivalar blir arrangerte på ein berekraftig eller ikkje-berekraftig måte. Oppgåva kan løysast som ei skriftleg innlevering eller som ei munnleg framføring, og de kan løyse ho individuelt eller i små grupper.

Oppgåve

  • Vel to musikkfestivalar du vil undersøkje.

  • Innleiing: Definer omgrepet berekraft, og fortel kort om dei to festivalane du har valt.

  • Hovuddel: Samanlikn festivalane etter følgjande kriterium:

  1. Plassering: Er festivalen plassert slik at det er teke omsyn til natur og naboar?

  2. Val av leverandørar til mat og utstyr: I kva grad er det brukt lokale leverandørar, og er maten økologisk?

  3. Transport: Er det lagt til rette for at festivaldeltakarane kan bruke kollektivtransport?

  4. Marknadsføring: Korleis blir arrangementet marknadsført? Er det viktig for arrangøren at festivalen er berekraftig?

  • Avslutning: Samanfatt det du har funne om dei to festivalane. På kva måte er dei berekraftige eller ikkje? Kva synest du om slike store arrangement? Kva krav bør publikum stille til eit stort arrangement som skal vere berekraftig?

Relatert innhald

Formelle møte med mange menneske kallar vi konferansar. På internasjonale konferansar kan det vere over tusen menneske.

CC BY-SASkrive av Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 23.06.2021

Læringsressursar

Møte og arrangement