Hopp til innhald

Fagstoff

Avstemming

Avstemmingar kan vere opne eller hemmelege, og dei kan gjennomførast munnleg, skriftleg eller digitalt.
Møtedeltakere som holder opp delegatnummeret sitt i ei avstemning. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eintydig formulerte framlegg

Dersom det skal haldast avstemming i ei sak, bør det vere avklart på førehand korleis avstemminga skal organiserast. Møteleiaren bør dessutan passe på at framlegg som ein stemmer over er klart og eintydig formulerte.

Avstemming ved handsopprekking

Som oftast skjer avstemminga ved at deltakarane rekkjer opp handa. Då les ordstyraren opp framlegget som dei stemmer over, og ber om at dei som støttar framlegget, rekkjer opp handa. Så tel ein stemmene. Deretter blir det kontravotering, det vil seie at ein tel opp kor mange som stemmer imot.

Skriftleg avstemming

Personval, til dømes val av tillitselev for klassen, skal vere hemmelege, og avstemminga må derfor vere skriftleg. Ved skriftlege avstemmingar treng ein eit teljekorps på minst to personar som skal samle inn og telje opp stemmene. I et klassemøte kan ordstyraren avgjere kven som skal vere med i teljekorpset. Elevane får så kvar sin stemmesetel der dei skriv opp namnet på kandidaten dei vil stemme på.

Å stemme blankt

Dersom ikkje noko anna er bestemt, er det òg mogleg å stemme blankt, det vil seie at ein let vere å føre opp noko namn. Blanke stemmer blir ikkje rekna med når ein tel opp.

Simpelt fleirtal

Dersom klassen har bestemt at valet skal avgjerast ved det som blir kalla simpelt fleirtal, tyder det at personen som får flest stemmer vinn, sjølv om han eller ho kanskje får mindre enn halvparten av stemmene totalt. Det kan skje dersom det er fleire enn to kandidatar som stiller til val.

Absolutt fleirtal

Som oftast tek ein i slike tilfelle ei ny avstemming der ein vel mellom dei to kandidatane som fekk flest stemmer i første valrunde. No må ein av dei to nødvendigvis få absolutt fleirtal, altså meir enn halvparten av stemmene. Skulle begge få like mange stemmer, kan ein ha omval eller avgjere valet ved loddtrekking.

Akklamasjon

Dersom det berre er éin kandidat til vervet og klassen er samde om at dei ønskjer han eller ho som tillitsvald, treng ein ikkje ha skriftleg avstemming. Då kan vedkomande veljast ved akklamasjon, det vil seie ved klapping.

CC BY-NC-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 30.01.2019

Læringsressursar

Møte og arrangement