Gangen i eit formelt møte
Møteleiaren opnar møtet og ønskjer velkomen. "Møtet er sett!" er det vanlege uttrykket som signaliserer at møtet formelt har starta.
Deretter spør møteleiaren om å få godkjent innkalling og sakliste. Dersom nokon har innvendingar eller ønskjer å endre rekkjefølgja på punkta på saklista, må dei seie frå no. Deltakarane må også melde no dersom dei har saker som de vil ta opp under "Eventuelt" (det siste punktet på saklista). Når innkalling og sakliste er godkjende, blir dette notert i referatet, saman med eventuelle endringar.
Dermed er møtet opna, og sakene skal takast opp i den vedtekne rekkefølgja. Det første eigentlege punktet på saklista er godkjenning av referatet frå siste møte.
Det er vanleg med ei kort orientering eller innleiing til kvar enkelt sak. Møteleiaren kan orientere sjølv, eller han kan overlate denne oppgåva til ein annan.
Møteleiaren skal syte for ryddige diskusjonar. Dersom det også skal haldast avstemming i ei sak, er det viktig å telje opp kor mange som stemmer for forslaget, kor mange som stemmer imot og kor mange som lèt vere å stemme.
Det kan ikkje fattast vedtak i saker som kjem opp under "Eventuelt". Denne regelen skal hindre at nokon gjer vedtak i saker utan at dei det gjeld, får høve til å vere med eller til å førebu seg.
Det er vanleg at møteleiaren rundar av møtet med ei kort oppsummering av det som har blitt diskutert og vedteke. I tillegg er det vanleg å avtale tid og stad for neste møte. Til sist takkar møteleiaren alle deltakarane for frammøtet.