Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Diskusjonsreglane i klassen

Bilete av plakat med  snakkebobler som inneheld diskusjonsreglar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Les fagstoffet i artikkelen "Slik får vi betre diskusjonar".

Relatert innhald

Del 1: Individuelt

Nøter ned fem punkt som du trur kan gi betre diskusjonar i klassen din.

Del 2: Diskuter i grupper

Kan de bruke noko av det de har lært her til å få til endå betre diskusjonar i klasserommet dykkar?

Prøv ut tipsa frå artikkelen når de diskuterer og reflekter saman over korleis dei fungerer i gruppa.

Del 3: Del kva gruppa kom fram til med resten av klassen

Oppsummer mellom fem og ti punkt til betre diskusjonar som de blir einige om skal gjelde i klasserommet dykkar.

Tips til digitalt diskusjonsverktøy

Samtavla er eit verktøy for diskusjonar i klasserommet, der lærar må logge inn med anten Facebook eller Google-konto. Elevane blir inviterte til å bidra og loggar inn enkelt med ein PIN-kode.

Lærarar kan lage eigne oppgåver sjølv, eller nytte seg av malar, slik som "Lag diskusjonsreglane i klassen" som det er lenkja til over. Malane kan endrast på og tilpassast den enkelte klassen eller situasjonen.

I denne spesifikke Samtavla blir elevane inviterte til å komme med bidrag til klassereglar, og så hjelper lærar med å styre diskusjonen inn mot eit felles forslag til reglar etter at elevane har diskutert og samarbeidd.

I Samtavla kan de øve på å samarbeide om gode løysingar og å reflektere over og byggje på tankane til kvarandre i diskusjonar. Det kan òg vere lettare å få oversikt over fleire innspel når dei er i skriftleg form.

Samtavla: Lag diskusjonsreglane i klassen

Rettleiing: Korleis bruke Samtavla

Skjermbilete av diskusjonsverktøyet Samtavla. Skjermbilete.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 2

Det kan vere lett å gløyme kva som skal til for å få til gode diskusjonar når ein er midt inne i ein oppheita debatt. Derfor er det lurt å lage noko som kan hengje i rommet og minne dykk på det de har bestemd skal vere diskusjonsreglane i klassen:

  • Lag store snakkebobler av A4-ark. De kan bruke malen som ligg under her.
  • Skriv ein diskusjonsregel i kvar snakkeboble.
  • Lim boblene på kartong som blir klipt til same fasong.
  • Desse kan hengje på veggane, eller i tråd frå taket i klasserommet, som ei påminning om korleis de vil at diskusjonar skal gå føre seg.

Filer

Oppgåve 3

Be klassen ta stilling innleiingsvis ved å seie "ja" eller "nei" til

  1. russebussar
  2. deling av nakenbilete
  3. influencerar

Noter svara dine på ein lapp. Finn nokon i klassen som har svart det motsette som deg. Byt partnar for kvart punkt. Bruk det de har lært om å diskutere.

Gi kvarandre respektfulle tilbakemeldingar undervegs om de ser at de gløymer nokon av prinsippa for gode diskusjonar som de har lært om.

Etter diskusjonen:

  • Blei de einige om nokon av punkta? Kvifor/kvifor ikkje?
  • Lytta de til kvarandre sine synspunkt?
  • Kom de saman fram til nye innsikter om temaet?



CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 22.08.2019

Læringsressursar

Diskusjon, dialog og fagsamtalar