Hopp til innhald

Fagstoff

Å diskutere med stråmenn

Har du nokon gong opplevd at nokon har vridd på det du sa i ein diskusjon for å stille argumenta dine i eit dårleg lys? Då kan det hende du har sett stråmannsargumentasjon i aksjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Felles løysing eller kamp for å vinne?

I ein diskusjon er det viktig at du lyttar og tek inn over deg argumenta til motstandaren for å utvikle dine eigne tankar om saka. Kanskje de til og med kan kome fram til ei felles løysing på eit problem gjennom å diskutere?

Alle som har sett på TV, veit at debattar i media sjeldan er så fredelege og harmoniske som det vi beskriv her. I politiske debattar er målet ofte å vinne støtta til veljaren. Då kan det vere freistande å ty til argument som øydelegg for motparten, sånn at du står igjen som vinnaren. Stråmannsargumentasjon er eitt av mange slike argumentasjonsknep.

Kva er ein stråmann?

Kort forklart er stråmannsargumentasjon å forvrengje argumenta til motstandaren på ein sånn måte at du lett kan vinne diskusjonen. Det kan du gjere ved å overdrive, forenkle, setje på spissen eller til og med finne opp argument på vegner av meiningsmotstandarar.

Du diskuterer då mot argument du sjølv har laga, altså mot ein stråmann i staden for mot diskusjonspartnaren din.

Eit døme

La oss seie at du i ein diskusjon seier at du er imot at butikkar plasserer godteri ved kassa, fordi det er lettare at vi gir etter for freistingar.

Diskusjonspartnaren din svarer:

Skal det ikkje vere lov å kose seg litt heller, no då?

Her har diskusjonspartnaren din laga ein stråmann, ved å argumentere mot sin eigen forvrengde versjon av argumentet ditt:

Du er imot at folk et godteri, fordi du er imot at dei kosar seg.

Medan det opphavlege argumentet ditt var eit heilt anna:

Eg er imot at butikkane plasserer godteri ved kassa, fordi det fører til at vi et meir usunn mat.

To døme frå same debatt

Oljerigg ved land ved Sotra. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein måte å forvrengje argumenta til motstandarane på er ved å forenkle dei, eller ved å setje dei på spissen. Vi skal sjå på korleis begge sider i ein debatt om oljeutvinning gjer dette. Ueinigheita mellom Sylvi Listhaug (Framstegspartiet) og Arild Hermstad (Miljøpartiet Dei Grøne) blir gitt att i denne NRK-artikkelen: Frp om klimapolitikarar: – Sosialistiske formyndarar

Først forvrengjer Sylvi Listhaug standpunktet i politikken til MDG ved å karakterisere programmet til miljøpartiet på denne måten:

Men er det en ting vi i Norge ikke skal gjøre, så er det å skamme oss over hvor fantastisk godt vi har det. Det er bygget opp gjennom generasjoner. Alt det ønsker MDG å rive ned, sier Listhaug til NRK.

Her legg ho fram at MDG

  • meiner at nordmenn skal skamme seg over kor godt dei har det
  • vil rive ned alt den norske velferda er bygd på

Sett på denne måten, er det ikkje vanskeleg å argumentere mot MDGs politikk.

I den same diskusjonen ser vi òg at Hermstad frå MDG set Listhaug sitt utspel på spissen og bruker orda "konspirasjonsteori" for å beskrive kritikken derfrå. Argumentet til Hermstad blir gitt att slik i NRK-artikkelen:

Han er himmelfallen over det han mener er en konspirasjonsteori fra Frp-ledelsens side om at Parisavtalen som ble signert av verdens ledere i 2015 i realiteten også er iscenesatt av marxister for å innføre sosialisme.

Konspirasjonsteoriar er som kjend ikkje til å stole på, og kritikken til motstandaren er dermed veldig enkel å avfeie. Konspirasjonsteorien som her blir omtala, er absolutt i omløp, men så lenge Listhaug ikkje refererer direkte til han i debatten, er det ikkje konstruktivt å antyde at ho er ein tilhengjar av teorien.

Her er det lett å tenkje seg at det hadde blitt ein betre diskusjon om begge partane hadde møtt kritikken frå den andre med motargument som var saklege og redelege.

Somme meiner at ...

I ein diskusjon om lekser kan du argumentere slik:

Somme lærarar meiner visst at vi unge ikkje har nok å fylle fritida vår med. Som ungdom sjølv veit eg at dette ikkje er sant. Vi har fullt program både dag og natt, og vi treng å kunne kople av.

Dei fleste er einige i at ungdom er travle og treng å kople av, så her vil du nok vinne diskusjonen. Men kvar har du det frå at somme lærarar meiner at ungdom ikkje har nok å fylle fritida med? Viss du ikkje kan peike på ei konkret utsegn frå lærarar, har du konstruert eit stråmannsargument.

Ei menneskemengde formar ei snakkeboble. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Korleis kan vi unngå stråmenn i diskusjonar?

Gi att argumenta til motparten på ein måte som liknar mest mogleg på korleis dei sjølv la dei fram. Sjekk gjerne at du har forstått dei rett:

Slik eg forstår deg, seier du altså at ....

Viss nokon vrengjer på orda dine i ein diskusjon, veit du no at dette heiter stråmannsargumentasjon, sånn at du kan gjere dei merksame på at det er det dei driv med.

Kjelder:

Antonsen, P., & Hjortland, O. (2017, 27. desember). Erna Solberg om SSB-konflikten. Henta frå Logikksjekk.no: https://www.logikksjekk.no/2017/11/25/erna-solberg-om-ssb-konflikten/

Ramnefjell, G. (2019, 9. mai). La den dumme stråmannen ligge. Dagbladet. Henta frå https://www.dagbladet.no/kultur/la-den-dumme-stramannen-ligge/71056875

Sølhusvik, L. (2019, 16. august). Frp om klimapolitikere: – Sosialistiske formyndere. NRK. Henta frå https://www.nrk.no/norge/frp-om-klimapolitikere_-_-sosialistiske-formyndere-1.14661449

Wu, J. (u.d.). Fallacies: Straw Man Fallacy. Henta 22. mai 2020 frå Khan Academy: https://www.khanacademy.org/partner-content/wi-phi/wiphi-critical-thinking/wiphi-fallacies/v/straw-man-fallacy

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 24.04.2020

Læringsressursar

Diskusjon, dialog og fagsamtalar