Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kan du bidra til debatten?

Ingunn Solheim oppfordrar ungdom til å delta i debatten. Kva skjer når unge brukre stemma si? Sjå og lær av den interaktive videoen og prøv ut korleis du kan delta i debatten.

Oppgåve 1

Faten Mahdi Al-Hussaini har sagt meininga si offentleg og delteke i mange viktige debattar sidan ho var 19. Kven er ho? Søk etter informasjon om henne på nett. Del informasjonen med klassen og diskuter:

  • Faten er ung, kvinne og ber hijab. Alle desse tre kategoriane har vore mindre synlege i den offentlege debatten. Kvifor trur du det er sånn?
  • Kva for andre unge stemmer kunne du ønskje vi høyrde meir frå?
  • "Dei som ikkje deltek i debatten, har ikkje moglegheita til å påverke samfunnet vårt" seier Ingunn Solheim i filmen over. Er du einig?

Oppgåve 2

Vel nokre av påstandane under, som vi har henta frå dei ulike "Einig"-programma, og diskuter desse. Ta stilling til påstandane ved å stille dykk på ulike stader i rommet – éin stad for "einig" og éin stad for "ueinig".

  • Kvifor enda du på staden din? Diskuter med dei som valde likt med deg og grunngi standpunktet ditt.
  • Ein representant for "einig" og ein frå "ueinig" legg fram dei viktigaste argumenta frå gruppa si.
  • Hald fram med klassediskusjon om eitt av temaa. Bruk diskusjonstipsa de fekk frå filmen og evaluer kor godt de lykkast med dette etter diskusjonen.
  • Til slutt: Vel hjørne i klasserommet igjen. Har nokon endra standpunkt etter diskusjonen?
"Einig" om Likestilling

"Likestilling må handle meir om menn."

"Heimeverande mødrer blir sett ned på."

"Eg hadde hatt eit enklare liv om eg var fødd med motsett kjønn."

"Staten må vere meir aktiv for å sikre likestilling."



Henta frå "Einig" på NRK

"Einig" om økonomi

"Noreg treng ein god del rikingar."

"Hadde eg fått tilbod om å bli superrik i morgon, hadde eg takka ja"

"Det er urettferdig at somme blir fødde inn i rikdom."

"Eg er bekymra for at generasjonen i framtida får det verre enn generasjonen av i dag."



Henta frå "Einig" på NRK

"Einig om abort

"Abort bør bli ulovleg."

"Eg har vore i tvil om enkelte standpunkt i abortdebatten."

"Det er eit mål at så få som mogleg tek abort."

"Ingen angrar på å ha fødd eit barn."



Henta frå "Einig på NRK

"Einig" om klima

"Eg får dårleg samvit av å ete kjøt."

"Klimapolitikk rammar folk med dårleg råd unødvendig hardt."

"Det bør bli dyrare å fly."

Henta frå "Einig" på NRK

"Einig" om innvandring

"Muslimske jenter i Noreg har for lite fridom."

"Kvardagsrasisme er ganske vanleg i Noreg."

"Mange innvandrarar vil ikkje bli integrert."

"Eg har forandra syn på innvandring."

Henta frå "Einig" på NRK

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 08.06.2020

Læringsressursar

Diskusjon, dialog og fagsamtalar