Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Sei di meining!

Det skjer store endringar på heimstaden din, og du er bekymra for korleis det påverkar deg og nærmiljøet ditt. Korleis skal du få fram dine eigne tankar om saka?

Oppgåve 1

Skriv eit avisinnlegg

Du har lest om utbygginga av eit vindkraftverk i lokalavisa di. Du synest saka er einsidig framstilt der, så no vil du skrive eit avisinnlegg der du får fram fleire sider av saka.

Start med å undersøke kva for argument det finst for og imot utbygginga av vindkraftverket. I innlegget ditt skal du ta tak i nokre av argumenta og kommentere dei, før du til slutt skriv kva du sjølv meiner er den beste løysinga for heimstaden din.

Alternativ versjon av oppgåve:

Viss du kjenner til ei liknande problemstilling på heimstaden din, skriv eit liknande innlegg om den saka til lokalavisa di. Det kan til dømes vere ei anna form for utbygging som får følgjer for landskap, bygningar og folk, som ei vegutbygging.

Oppgåve 2

Førebu deg til eit debattprogram

Du har blitt invitert til å delta i debattprogrammet "Einig?" på NRK for å snakke om vindkraft og utbygging av vindkraftverk.

Del 1

Før du skal delta i debatten, må du førebu deg. Du må setje deg inn i saka og gjere deg opp ei meining. Du må også undersøke korleis debatten skal gå føre seg.

Del 2

Programleiar Ingunn Solheim frå NRK har sendt deg ein video der ho gir deg nokre råd. Skriv ned tre viktige råd ho gir deg.

Del 3

Gjennomfør debatten: Sit 3-4 personar overfor kvarandre i ein ring. De skal diskutere desse påstandane:

  • Vi må byggje vindkraftverk for å sikre oss fornybar energi i framtida. Einig?
  • Vindturbinar øydelegg naturen. Einig?

Reglar for debatten: Lytt til det dei andre seier. Ikkje avbryt. Still motstandaren din spørsmål.

Til slutt: Har nokon av dykk endra meining etter å ha høyrt dei andre sine argument?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 18.02.2020

Læringsressursar

Diskusjon, dialog og fagsamtalar