Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Korleis få til ein god diskusjon?

Programleiar Ingunn Solheim har tankar om korleis vi kan få betre debattar. Kva vil det seie å verkeleg lytte til andre? Korleis kan situasjonen påverke diskusjonen?

Oppgåve 1

Før du ser filmen:

  • Liker du å diskutere, eller skyggjer du helst unna? Grunngi svaret ditt.
  • Kva meiner du skal til for at ein diskusjon er god?
  • Kva vil det seie å lytte til kvarandre i ein diskusjon?

Oppsummer filmen:

  • Kva meiner Ingunn Solheim skal til for å få gode debattar? Skriv dette ned som punkt. Er du samd med henne? Utdjup svaret ditt.

Oppgåve 2

"Den beste debatten er utanfor studio, på bakrommet", seier Ingunn Solheim om erfaringane sine med å lage debattprogram for NRK. Vi kan seie at den retoriske situasjonen påverkar korleis deltakarane argumenterer.

  • Les om den retoriske situasjonen i fagartikkelen under.
  • Bruk fagomgrepa til å beskrive forskjellar og likskapar mellom studio-debatten og debatten på bakrommet. Ser du noko som kan forklare kvifor diskusjonen blei betre på bakrommet?
  • Er det forskjell på diskusjonane du har på skulen, heime eller blant vener? Kva er den viktigaste årsaka?

Relatert innhald

Den retoriske situasjonen er heilt avgjerande for innhaldet i den retoriske teksten og korleis han blir motteken. Kva består den retoriske situasjonen av?

Oppgåve 3

Debattklimaet har blitt tøffare, med personangrep og hatske diskusjonar på sosiale medium.

I grupper:

  • Diskuter dykk fram til løysingar på dette problemet. Gå gjerne ut av klasserommet for å diskutere, til eit mindre formelt rom, slik Ingunn Solheim gjer det i "Einig".
  • Korleis var det å diskutere i små grupper utanfor klasserommet samanlikna med klasseromsdiskusjonar? Fordelar og ulemper?

Oppgåve 4

I grupper:

  • Prøv ut det Solheim seier om å verkeleg lytte til kvarandre, ved å diskutere denne påstanden frå "Einig"-programmet om rasisme:
Kvardagsrasisme er ganske vanleg i Noreg. Samd?
CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker og Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 08.06.2020

Læringsressursar

Diskusjon, dialog og fagsamtalar