Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Hatytringar er #ikkegreit

Amalie Olsen har over 135000 følgjarar på YouTube, og ho var med på lanseringa og kampanjen #ikkegreit. #ikkegreit hadde som mål å setje søkelyset på hatytringar.
Jente som les på mobilen. Det står at ho heiter Amalie Olsen og er 18 år, og nedst står det "Du er så dårlig, gå og dø i skogen". Foto.

Sjå Bufdir sin video Hatefulle ytringer er #ikkegreit på YouTube før du går i gang med oppgåvene under.

  1. På kva for måte kan slike kampanjar bidra til forståinga av kva hatytringar er, og konsekvensar av hatytringar?
  2. Hatytringar har både samfunnsmessige konsekvensar og individuelle konsekvensar for dei som blir utsette for det. Lag eit notat eller tankekart der du noterer ulike konsekvensar på både samfunnsnivå og individnivå.
  3. Politiet sin nettpatrulje har ei Facebookside for kvart politidisktrikt. Gå inn på sida til det politidistriktet der du bur, og sjå kva for saker dei har fokus på. Kva kjenneteiknar sakene dei publiserer? Politiet har òg vore aktive på andre sosiale medium. På kva slags måte kan dette vere kriminalitetsførebyggjande arbeid, trur du?
  4. Det er fleire omgrep som blir brukte når vi ser på dette temaet: hatprat, hatytringar, netthets, digital mobbing, nettmobbing og netthat. Er det nokon skilnad på kva omgrepa betyr?
CC BY-SASkrive av Kristin Sundstrøm.
Sist fagleg oppdatert 09.02.2022

Læringsressursar

Diskusjon, dialog og fagsamtalar