Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er munnleg kommunikasjon?

Munnleg kommunikasjon er ikkje berre prat! Har du tenkt over kva du kan få til i ein samtale som du ikkje får til med skrift?
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å kommunisere munnleg er ei viktig evne, som du skal utvikle gjennom å jobbe med norskfaget. Du skal øve på å uttrykkje og utfalde deg munnleg, gjennom å diskutere, presentere, argumentere, fortelje og delta i samtalar. Her skal vi sjå på kva som kjenneteiknar munnleg kommunikasjon, og kva du bør tenkje over når du skal kommunisere munnleg.

Fordelar med munnleg kommunikasjon

Det er mange fordelar med munnleg kommunikasjon. Eit viktig fortrinn er at det er ei kommunikasjonsform som gjer det enkelt å ha ein dialog, der to eller fleire partar samhandlar. I ein munnleg dialog har du den fordelen at du ikkje må vente på reaksjonar på det du har sagt; du får tilbakemeldingar med ein gong. Du ser ofte raskt om den andre ikkje oppfattar kva du meiner. Og viss du ikkje forstår det andre seier, kan du be om ei utdjuping eller ei forklaring. I tillegg støttar både kroppsspråk og tonefall opp under bodskapen.

Tenk over / diskuter:

Vi tør ikkje alltid å seie frå når vi ikkje forstår kva andre seier, kvifor er det slik?

Kva har munnleg kommunikasjon til felles med kommunikasjon på sosiale medium?

Krev meir av minnet

Gut som lyttar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ei ulempe ved munnleg kommunikasjon er at den krev meir av minnet vårt, fordi lyden avtek og blir borte. Det er ikkje som med skrift, der du kan gå tilbake og lese eit avsnitt ein gong til. Dette er det viktig å tenkje på når du skal overføre informasjon munnleg. Presenter eitt poeng om gongen, gjenta spesielt viktig informasjon, og oppsummer hovudpunkta på slutten.

Lytt

Munnleg kommunikasjon handlar òg om å lytte. Vis at du lyttar med kroppsspråk, blikkontakt og ansiktsuttrykk. Ta innover deg det den andre seier, i staden for å berre vente på at det skal bli turen din til å snakke.

Tilpass til dei du snakkar med

Tilpass språket til dei du snakkar med, slik at dei har moglegheit til å forstå kva du snakkar om ut frå den bakgrunnskunnskapen dei har. Hugs òg at for mykje tilpassing kan verke nedlatande, for då legg du til grunn at dei du snakkar med, ikkje har like mykje kunnskapar som deg. Det er altså lurt å vite litt om kven mottakarane dine er!

Tilpass òg til sjanger og situasjon

Når du kommuniserer munnleg, må språket òg tilpassast sjangeren og situasjonen, slik det må i andre samanhengar der du bruker språket for å formidle eit innhald.

Tenk deg at dagens nyheitssending startar slik: ”I dag har det, eh, på ein måte, vore ei slags ulykke, liksom, ein eller annan stad, eg hugsar ikkje heilt kvar, trur eg …” Dette er språkbruk vi tenkjer på som privat, og som vil passe til ein samtale mellom to vener. I sjangeren nyheitssending forventar vi presist og sakleg språk, ikkje minst når det skal informerast om ei ulykke.

Tenk over / diskuter:

Lag ei liste over minst fem ulike munnlege sjangrar. Korleis bør språket tilpassast til dei ulike sjangrane?

Relatert innhald

Her skal du sjå nærare på kommunikasjon mellom Isak frå Skam og "skulelegen". I tillegg skal de prøve dykk på rollespel om dobbeltkommunikasjon.

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker, Torgrim Gram Økland og Marita Aksnes.
Sist fagleg oppdatert 18.03.2020

Læringsressursar

Diskusjon, dialog og fagsamtalar