Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Korleis ser lytting ut?

Kan vi bli flinkare til å lytte på kvarandre i diskusjonar? Det meiner dei som står bak TV-programmet "Einig". Sjå på deltakarar i desse diskusjonane og lær korleis lytting kan sjå og høyrast ut.

Oppgåve 1

Sjå på diskusjonen om likestilling frå NRK-programmet "Einig" frå 05:48 til 11:47.

I dette diskusjonsprogrammet har deltakarane fått streng beskjed om å lytte til kvarandre og diskutere for å utvikle forståinga av ei sak, ikkje for å vinne. Korleis viser deltakarane i diskusjonen at dei lyttar til kvarandre gjennom både verbalspråk og kroppsspråk?

  1. Korleis ser du på ansikt og kroppshaldning at dei lyttar?
  2. Korleis ser du på ansikt og kroppshaldning at dei er ueinige med noko dei andre seier?
  3. Gjentek eller oppsummerer dei det den andre seier før dei kjem med innspelet sitt?
  4. Finn du døme på at deltakarane ber om at dei andre forklarer eller utdjupar nokon av synspunkta eller påstandane sine?
  5. Blir dei einige på nokon punkt i samtalen?
  6. Får du inntrykk av at partane lyttar på kvarandre?
  7. Kva slags verknad kan det ha at partane lyttar på kvarandre i denne diskusjonen, etter di meining?
  8. Kven synest du er den beste lyttaren i denne diskusjonen? Grunngi.

Oppgåve 2


  1. Samarbeid i par eller små grupper om å lage ei liste over kva det vil seie å vere ein god lyttar i ein diskusjon.
  2. Diskuter punkta frå gruppene i klassen. Kva er de flinke til å gjere frå før i klasserommet? Kva blei de klar over no som de ikkje hadde tenkt på før?
  3. Samanfatt gjerne diskusjonen med å lage reglar for god lytting til eit oppslag i klasserommet.
CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 15.08.2019

Læringsressursar

Diskusjon, dialog og fagsamtalar