Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Bruk av sosiale medium

Det finst svært mange ulike sosiale medium. Vi har til dømes Facebook, Twitter, Instagram, LinkedIn, bloggar og vloggar.
Plansje med logoar til ulike sosiale medium, som Facebook, Instagram og YouTube. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Opprett ei bloggside, til dømes på wordpress.com.

  • Lag eit innlegg der du tek for deg fordelar og ulemper ved tre ulike sosiale medium som marknadsføringskanal.
  • Presenter blogginnlegga dykkar for kvarandre.

Oppgåve 2

Skriv ein skriftleg rapport til læraren, der du svarer på spørsmåla under.

  • Kva for nokre administrative oppgåver er involverte når du bruker sosiale medium som salskanal?
  • Kva for nokre faglege og personlege eigenskapar må ein person som jobbar med sosiale medium, ha?
  • Lag ei oversikt der du samanliknar brosjyre, e-post og sosiale medium som salskanal.

Relatert innhald

Les om rapportsjangeren og om korleis du set opp ein enkel rapport sjølv.

CC BY-SASkrive av Tove Knutsen.
Sist fagleg oppdatert 30.03.2020

Læringsressursar

Eksternservice – kundeservice