Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kundemøte på nettsider

Stadig fleire kundemøte skjer på nettsida til bedriftene. Kva slags møte ønskjer du at kundane dine skal få med bedrifta di?
Ei kvinne ser etter ei innkvartering i Berlin i ein app på eit nettbrett. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Gå inn på nettsida til Tripadvisor.

  1. Søk opp hotell i nærområdet ditt. Kva slags omtale har dei fått?
  2. Søk opp eit hotell du sjølv har budd på. Er du samd i omtalen det har fått?
  3. Vurder kor viktig Tripadvisor er som «ansikt utetter» for ei bedrift.
  4. Kva trur du er viktig for å få god omtale?

Oppgåve 2

Tenk deg at du jobbar i ei bedrift som ønskjer å nytte Facebook til å kommunisere med kundane.

  1. Kvar i organisasjonen meiner du denne oppgåva bør liggje? Grunngi svaret.
  2. Korleis bør organisasjonen leggje opp rutinane for at dette skal bli eit godt verktøy for dei?

Oppgåve 3

Mange butikkar har eit kundefordelsprogram som del av kundeservicen sin.

  1. Forklar kva eit kundefordelsprogram er, og gi døme på butikkar i nærmiljøet som har eit slikt tilbod til medlemmene sine.
  2. Hent inn opplysningar om ei bedrift som tilbyr eit kundefordelsprogram. Lag ein presentasjon som tek for seg følgjande:

    1. kort om bedrifta
    2. om kundefordelsprogrammet deira
    3. kva du synest er bra med kundefordelsprogrammet
    4. forslag til utvidingar eller forbetringar
CC BY-SASkrive av Tove Knutsen.
Sist fagleg oppdatert 30.03.2020

Læringsressursar

Eksternservice – kundeservice