Kommunikasjon på nett - Marknadsføring og innovasjon (SR-SSR vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Kommunikasjon på nett

Dei aller fleste bedrifter kommuniserer med kundane og leverandørane sine gjennom ulike nettløysingar. Kva for nokre kjenner du til?

Oppgåve 1

  1. Kva nettløysingar for kommunikasjon kjenner du til i samband med arbeidsplassen din (praksisplassen din eller ein annan stad du jobbar)?
  2. Kva må til av administrering og tilrettelegging for dei ulike nettløysingane? Spør leiaren din om du er usikker.

Oppgåve 2

  1. Vi deler gjerne kommunikasjon inn i einvegs- og tovegskommunikasjon. Kva er forskjellen?
  2. Kva for nokre av nettløysingane i oppgåve 1 a) er einvegs, og kva for nokre er tovegs?
  3. Kva er fordelane og ulempene med desse to kommunikasjonsformene når det gjeld kundeservice i bedrifta?
Skrive av Tove Knutsen og Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 08.05.2020