Hopp til innhald

Fagstoff

Kundeservice på e-post

E-post har i mange tilfelle teke over for forretningsbrev, spesielt i private verksemder. I e-postar i jobbsamanheng må vi formulere oss annleis enn om vi skriv til familie og venner.
Nærbilete av to hender som skriv på ein berbar PC. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når du skriv ein e-post for jobben, bør du bruke eit forretningsmessig språk. Det vil seie korrekt skriftspråk, ikkje dialekt eller munnlege uttrykk, og du må unngå skrivefeil og emojiar. Set opp teksten ryddig med korrekt bruk av avsnitt og teiknsetjing. Sjå Språkrådets nettsider for meir informasjon om dette.

Personopplysningar

Det er avgrensa kva opplysningar du har lov til å sende i ein e-post. Dette inkluderer mellom anna namn. Personar som er omtalte, må ikkje kunne identifiserast. Dette kan gjelde verksemder som til dømes skular, politietaten, kommunar, sjukehus og NAV. Opplysningane må då anten krypterast, sendast i posten eller sendast via ei digital plattform som krev innlogging med til dømes BankID. I dag har både skattevesenet, helsevesenet, Vigo, Lånekassa og NAV slike sikre løysingar.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tove Knutsen.
Sist fagleg oppdatert 27.03.2020

Læringsressursar

Eksternservice – kundeservice