Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kundeservice over telefon

Når du er ny på jobben, kan det vere litt skummelt å svare på jobbtelefonen. Det kan vere kjekt med ein instruks som fortel deg korleis du skal svare, og korleis du kan yte kundeservice over telefon.
Ung kvinne held ein telefon mot øyret og gispar sjokkert. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve: Lag ein instruks for praksisbedrifta di

Når du er ny på ein arbeidsplass, kan det vere litt skummelt å svare på jobbtelefonen den første tida. Derfor hadde det vore fint med ein instruks som fortel litt om korleis de skal svare, og korleis de yter kundeservice over telefon på arbeidsplassen. Om du er usikker, kan du spørje leiaren din.

I denne oppgåva skal du lage ein instruks til nytilsette om korleis dei skal behandle telefonar frå kundar og andre.

Gjennomføring

  • Lag ein instruks med minst fem punkt.
  • Les opp punkta dine for dei andre i klassa.
  • Diskuter. Er det nokon punkt fleire har? Og kva er ulikt?
  • Bruk punkta til klassa til å lage ein generell instruks som dekkjer kundeservice over telefon for dei fleste arbeidsplassar.
CC BY-SASkrive av Tove Knutsen og Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 08.05.2020

Læringsressursar

Eksternservice – kundeservice