Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Podkastar om konflikthandtering

Når vi har med menneske å gjere, kan vi forvente at det nokre gonger oppstår konfliktar. Som profesjonell servicemedarbeidar er det derfor nyttig å kunne handtere ein konfliktsituasjon. I podkastane får du vite korleis du skal tolke og reagere i ein vanskeleg situasjon.
Vektere snakker med anonym person. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver

Oppgåvene eignar seg som heimeoppgåve. I etterkant kan klassen reflektere over kva som kjenneteiknar god konflikthandtering.

Les gjennom oppgåvene først, og deretter lyttar du på podkastane og noterer svar på spørsmåla.

  1. Vektaren beskriv ein femtrinnsmodell for konflikthandtering. Beskriv dei fem trinna.

  2. På kva måte kan vektarar trene på femtrinnsmodellen?

  3. Både vektaren og butikkmedarbeidaren snakkar om at kroppsspråk er viktig. Korleis kan du bruke kroppen til å dempe ein konfliktsituasjon?

  4. Kva er oppgåva til politiet ved offentlege demonstrasjonar?

  5. Kva gjer «dialoggruppa» i Oslo politidistrikt?

  6. Fortel i korte trekk korleis Oslo politidistrikt arbeidde med den omtalte SIAN-demonstrasjonen i Oslo.

  7. Kva er ei trusselvurdering?

  8. Kva er CS-gass, og når kan politiet bruke dette?

  9. Har du lært noko nytt om konflikthandtering i arbeidet med podkastane?

Mann med briller held eit ark med teksten "Serviceyrka". Fargerike smilefjes omringar hovudet til mannen.
Serviceyrka

Konflikthandtering i serviceyrke

I podkasten "Konflikthandtering i ulike serviceyrke" fortel Tom Andersen om korleis vektarar får opplæring i å handtere konfliktar. I opplæringa legg ein vekt på kor viktig det er å vere mentalt føre...

0:00
-0:00
Mann med briller held eit ark med teksten "Serviceyrka". Fargerike smilefjes omringar hovudet til mannen.
Serviceyrka

Konflikthandtering ved demonstrasjonar – politiet

I samband med demonstrasjonar kan det bli høgt konfliktnivå. I denne podkasten får vi høyre korleis politiet arbeider før, under og etter ein demonstrasjon for å dempe konfliktnivået.

0:00
-0:00
CC BY-SASkrive av Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 20.09.2021

Læringsressursar

Konflikthandtering