Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Konflikthandtering i vektaryrket

Kva for konsekvensar kan det få dersom ein vektar ikkje evnar å førebyggje og handtere konfliktar? Denne oppgåva tek utgangspunkt i ein video der Herman Flesvig speler vektar.
Vektarar vaktar gatene. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Sjå dei første 33 sekunda av videoen nedanfor, med Herman Flesvig i rolla som vektar. Er vektaren i filmen, ut frå det du ser i introen, rett person på rett plass for å førebyggje konfliktar på Nasjonalmuseet – Arkitektur? Grunngi.

Skildring av videoen

Vektaren Kim Johansen (spelt av skodespelar Herman Flesvig) står utanfor Nasjonalmuseet – Arkitektur. Han seier at det er viktig med kvalifiserte vektarar i denne typen arbeid, og viser mellom anna til at han har gult belte i judo, mens han illustrerer med nokre judo-rørsler med armane og fortel at han driv med fleire typar kampsport.

Vidare fortel han at i utgangspunktet er jobben hans å opne døra. Vektaren seier at han ikkje treng gult belte i judo for å opne ei dør, men presiserer at om det kjem ein fyr som er "keen på å lage kvalm", er det fint med ein "double leg take down" eller ein "headlock", som han uttrykkjer det.

Vi følgjer vektaren inn i det han kallar "kommandosentralen", med overvakingsskjermar og anna utstyr. Han fortel at det blir lagt vekt på openheit i jobben hans, og at han har delteke på jobbkurs om temaet. Men når vektaren demonstrerer openheit ved hjelp av eit kampsport-grep, ser vi at han har misforstått poenget.

I neste sekvens kjem ein besøkjande inn på museet. Vektaren stoppar han. Mannen seier at han ikkje har gjort noko gale, men vektaren meiner at det er like før. Han kroppsvisiterer mannen, som protesterer. Mannen får lov til å komme inn på museet på eit vilkår: at han tek på seg eit straumband som vektaren har lånt av ein kompis som har brukt det til hunden sin.

Vektaren fortel til kameraet at han kjem frå ein heim med ein far som ikkje var så grei, og at han ikkje kom inn på politihøgskulen. Han seier at han ikkje er bitter, og at han ikkje har blitt vektar for å ta igjen, men det er ikkje samsvar mellom det han seier, og det han uttrykkjer gjennom veremåte og kroppsspråk.

På overvakingsskjermen ser vi at straumbandet som den besøkjande har fått på seg, hengjer seg opp når vektaren trykkjer på knappen, og den besøkjande får støyt i halsregionen gong på gong.

På ein annan skjerm ser vektaren ei due på trappa og mistenkjer at det er ein drone. Vi ser òg på ein skjerm at den besøkjande mannen med straumbandet fell om og tek seg til halsen. Vektaren oppdagar at han har sete på knappen til straumbandet, og spring ned til mannen. Til slutt i filmen prøver han å stoppe filminga ved å halde noko framfor kameraet.

Oppgåve 2

  1. Sjå videoen ovanfor og les den relaterte artikkelen "Modellar for konflikthandtering".

Ta utgangspunkt i situasjonen der den besøkjande kjem inn i museet, og vektaren si handtering av situasjonen (frå 01.36 til 01.51).

Sjå for deg at du er leiaren til vektaren, og at du nettopp har sett korleis vektaren handterte situasjonen då den besøkjande kom inn i museet.

  1. Kva for metode/metodar i artikkelen ville du ha brukt om du var leiaren til vektaren? Grunngi.

Les den relaterte artikkelen "Konfliktløysingsmetoden – ein femtrinnsmodell".

  1. Bruk femtrinnsmodellen til å beskrive korleis du ville handtert situasjonen då den besøkjande kom inn i museet.

  2. Gå saman i par. Lag eit rollespel av det som går føre seg mellom vektaren og leiaren etter at leiaren har blitt merksam på åtferda til vektaren. Vis gjerne fram rollespelet i klassa.

Relatert innhald

Vi kan handtere konfliktar på fleire måtar. Ulike modellar for konflikthandtering kan hjelpe oss med å forstå konfliktane.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 20.12.2021

Læringsressursar

Konflikthandtering